Fagspråkkonferansen jubilerer

NHH

I NHH sitt jubileumsår arrangerer Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon den tiande utgåva av Fagspråkkonferansen. In English

08.03.2011 - Hallvard Lyssand


Fredag 11. og laurdag 12. mars arrangerer Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon (FSK) Fagspråkkonferansen 2011 under tittelen "Specialised Communication in a Globalised Business Community".

Målsetjinga med konferansen er å presentera aktuell forsking og aktivitetar innanfor fagspråkleg kommunikasjon, med vekt på fagoversetting og interkulturell forretningskommunikasjon.

Jubileum i jubileet

Årets konferanse er den tiande i rekka sidan starten, og samlar om lag 50 deltakarar - primært frå norske oversettarmiljø og akademiske språkmiljø.

- Vi byrja i 1990 under tittelen Språkkonferansen. Sidan har vi med nokre unntak arrangert konferansen annakvart år. Frå 1998 endra vi tittelen til Fagspråkkonferansen, fortel professor Ingrid Simonnæs som sit i arrangementskomiteen.

Konferansen får sponsorstøtte frå CIUTI (Conférence Internationale Permanente d'Instituts Universitaires de Traducteurs et Interprètes) - ei internasjonal samansluting av institusjonar som utdannar tolkar og oversettarar der NHH har vore assosiert medlem sidan 2001.

- Dette er første gong CIUTI sponsar ein konferanse, fortel Simonnæs.

Internasjonalt program

2011-programmet til Fagspråkkonferansen har eit meir internasjonalt tilsnitt enn tilfellet har vore tidlegare år.

- Konferansen er ein del av NHH sitt 75-årsjubileum og vi ønskjer å markera høgskulen sine internasjonale ambisjonar, forklarar Simonnæs.

På talarlista står fem føredragshaldarar frå ulike europeiske utdanningsinstitusjonar. I tillegg vil ei rekkje av fagfolka frå FSK presentera sine forskingsprosjekt.

Fagspråkkonferansen 2011
"Specialised Communication in a Globalised Business Community"
Dato: 11. og 12. mars
Stad: Finn Kydlands aud., NHH

Program


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive