Vårkonferansen 2011: Nye globale mønster

NHH (arkivfoto, Hallvard Lyssand)

Det økonomiske verdskartet er i ferd med å bli teikna på nytt. Vårkonferansen 2011 ser nærare på nokon av utviklingstrekka og mogelege konsekvensar ute og heime. Blant dei som bidreg er sentralbanksjef Øystein Olsen, Princeton-professor Avinash Dixit og Hydro-topp Svein Richard Brandtzæg.

30.05.2011 - Hallvard Lyssand


Dei verste bølgjene etter finanskrisen er i ferd med å leggja seg, men verdsøkonomien er prega av underliggjande ubalanse i handelen mellom land, stigande råvareprisar og låge realrenter.

Samstundes er dei globale økonomiske tyngdepunkta i rørsle.

- Tidlegare gjekk investeringane nesten utelukkande mellom eller frå industrialiserte land. No er kapitaloppbygging i framveksande økonomiar som Kina og India i ferd med å endra einvegsmønsteret i investeringar og eigarskap. Spørsmålet er kva denne utviklinga vil bety for konkurranse, arbeidsplassar og strategiske vurderingar, seier professor Siri Pettersen Strandenes, som er leiar av Vårkonferanse-komiteen.

Verda og Noreg

Årets konferanse tek opp desse problemstillingane under tittelen "Nye globale mønstre - og norske globale aktører."

Som vanleg vert det ulike bolkar med innleiingsføredrag og påfølgjande diskusjon mellom innleiarane og salen. Det heile vert bunde saman av ordstyrar Klaus Mohn, som er sjeføkonom i Statoil.

Ramma for dagen vert trekt opp av sentralbanksjef Øystein Olsen og professor Øystein Thøgersen frå Institutt for samfunnsøkonomi under tittelen "En verdensøkonomi i endring."

Vidare held professor emeritus Avinash Dixit frå Princeton University føredraget "Foreign direct investment - from South to North."

Konsernsjef i Norsk Hydro, Svein Richard Brandtzæg, og førsteamanuensis Inger Stensaker frå SOL avsluttar det faglege programmet under tittelen "Eierskap over landegrensene - utenlandske direkteinvesteringer frå Norge:"

Siste punkt på agendaen er jubileumskåseriet "Agnar Mykle, Ask Burlefot og Norges Handelshøiskole,"ved professor Rolf Jens Brunstad.

- Personane viktigast

Vårkonferansen har vore arrangert kvart år sidan 1995, og er veletablert som ein møtestad for inviterte toppfolk frå næringsliv, politikk, forvalting og forsking.

- Personane er det viktigaste når vi set saman programmet, seier Strandenes.

- Vi satsar dessutan på å kopla eksterne føredragshaldarar med NHH-forskarar. Forma skal vera litt akademisk, og mange av tilhøyrarane melder tilbake at dei set pris på det, sluttar Strandenes.

Vårkonferansen 2011
Nye globale mønstre - og norske globale aktører

Dato: Tysdag 31. mai
Tid: 09.00-15.30
Stad: NHH

Les meir om Vårkonferansen på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive