NHH søkjer prosjektkoordinator

NHH inngangsparti mai 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)

NHH søkjer ein koordinator for NHH Alumni - vårt nettverk og kommunikasjonskanal med kandidatar frå NHH i næringsliv og samfunnsliv elles.

20.05.2011 - Red.


Vi søkjer ein person med interesse for kunnskapsformidling og kommunikasjon og med auge for at kunnskap skal vere relevant, samfunnsutviklande og verdiskapande.

Koordinatoren administrerer NHH Alumni og NHH Alumnifond. Dette er eit fagleg og sosialt nettverk for ferdigutdanna siviløkonomar frå NHH. Alumnikoordinator har ansvar for den daglege drifta av nettverket overfor kandidatane så vel som fagstab og noverande studentar i NHH-miljøet.

Blant oppgåvene er å arrangere faglege møtepunkt mellom fagstab på NHH og tidlegare studentar, formidle fagkunnskap frå NHH og legge til rette for aktivitet i det elektroniske nettverket NHH Alumni nyttar som sosialt medium.

Stillinga er eit tre-årig engasjement på full tid med mogleg fast tilsetting seinare. Stillinga inngår i Informasjonsavdelinga ved NHH.

Vi søker kandidatar med høgare utdanning på masternivå, gjerne med god kjennskap til økonomisk-administrativ utdanning. Vidare må kandidatane ha gode IT-kunnskapar og erfaring med bruk av sosiale medium. Vedkommande må vere systematisk og kunne arbeide sjølvstendig, og i tillegg ha gode personlege eigenskapar som å vere kontaktskapande og ein engasjert formidlar. Vidare er gode samarbeidsevner, fleksibel innstilling og initiativrikdom naudsynt. Andre oppgåver ved avdelinga kan bli aktuelle.

Vi kan love utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt miljø innan eit område som er under utvikling i Noreg. Den som blir tilsett vil rapportere til informasjonssjefen.

Stillinga vert løna etter statens regulativ som 1408 - førstekonsulent i LR 21, ltr. 40 - 50, alternativt 1434 - rådgjevar i ltr. 52 - 58 for spesielt kvalifiserte søkarar. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå balanse mellom kjønn og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Ein gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentlege sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkaren vil bli orientert om dette på førehand.

For nærare informasjon om stillinga, kontakt informasjonssjef Asle Haukaas på tlf 55 95 92 18 eller per epost: asle.haukaas@nhh.no.

Søk stillinga på www.nhh.no/stilling innan 5. juni 2011.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive