Karen Modesta Olsen utnemnt til professor
Karen Modesta Olsen er tilsett i eit professorat i human resource management (HRM) og forskingsmetode ved Institutt for strategi og ledelse.
15.06.2011 - Hallvard Lyssand
Karen Modesta Olsen (f. 1968) er Dr. Polit. frå Universitet i Oslo i 2006 og har vore tilsett i ei postdoktorstilling ved Institutt for strategi og ledelse.
I perioden frå 1999 til 2007 arbeidde ho som forskar ved SNF.
Olsen forskar og underviser innan tilsettingstilhøve, HRM, forskingsmetode og kvantitativ metode. Ho er NHH sin tolvte kvinnelege professor.
Karen Modesta Olsen vart onsdag utnemnt til professor, og mottok gratulasjonar frå rektor Jan I. Haaland (t.h.) og prorektor Gunnar E. Christrensen.
|