Inger G. Stensaker utnemnt til professor

Inger G. Stensaker og Jan I. Haaland (Foto: Hallvard Lyssand)

Inger G. Stensaker ved Institutt for strategi og leiing har fått opprykk til professor.

21.06.2011 - Hallvard Lyssand


Inger G. Stensaker forskar m.a. innan strategisk endring, endringsleiing og strategiimplementering.

Etter å ha teke ein bachelorgrad i Political Science ved Vanderbilt University og arbeidd i næringslivet i nokre år, byrja Stensaker ved NHH og vart Master in International Business (MIB) i 1997.

Ho fullførte Høyere avdelings studium (HAS) i 2001 og tok doktorgraden ved Institutt for strategi og leiing (SOL) i 2002.

Stensaker var postdoktor ved SNF fram til ho vart tilsett i ei førsteamanuensis stilling ved SOL i 2003. Ho er NHH sin 13. kvinnelege professor.

Inger G. Stensaker og Jan I. Haaland (Foto: Hallvard Lyssand)
Inger G. Stensaker fekk tysdag opprykk til professor, og kunne motta grtulasjonar frå rektor Jan I. Haaland. Stensaker vert professor i strategisk endring ved Institutt for strategi og leiing.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive