Presentasjon av de nye æresdoktorene

Paraplyen presenterer de ti nye æresdoktorene som vil bli utnevnt under jubileumsuken i september. In english.

19.08.2011 - Red.


Richard P.Bagozzi

Dwight F. Benton Professor of Behavioral Science in Management, Stephen M. Ross School of Business, Professor of Social and Administrative Sciences, College of Pharmacy, University of Michigan.
PhD, Northwestern University 1976.

Richard P. Bagozzi har omfattande forskingsproduksjon med breitt nedslagsfelt innan det økonomisk-administrative fagområdet. Han har publisert ei rekkje viktige bidrag innan marknadsføring, samfunnsvitskapleg metode og psykologi.

Bagozzi er oppteken av grunnleggjande spørsmål knytt til forståing menneskeleg psykologi, særleg kjensler, korleis vi tek avgjerder, økonomi og leiing frå biologiske perspektiv, sosial identitet og åtferd. Forskingsbidraga hans er m.a. anvendt på forbrukarar, seljarar, leiarar, pasientar, legar og organisasjonar. Når det gjeld forskingsmetode har han primært vært opptatt av bruk av multivariat dataanalyse i relasjon til måling, omgrepsvaliditet og teori- og hypotesetesting.

Professor Bagozzi har hatt nære band til fagmiljøet ved Institutt for strategi og leiing i ei årrekkje, har vitja høgskulen fleire gonger og publisert saman med NHH-kollegaer.


Richard Blundell

David Ricardo Professor of Political Economy, University College London. Research Director, Institute for Fiscal Studies.

Richard Blundell har eit arbeidsområde som blant anna famnar arbeidsmarknads- og utdanningsøkonomi, skatteforsking, forbrukaråtferd og økonometri meir generelt. Forskingsbidraga hans har hatt ei sterk påverking på korleis andre forskarar tenkjer kring implementering og testing av økonomiske hypotesar.

I tillegg til å ha publisert sentrale og prisløna arbeid, nyt også professor Blundell stor respekt i profesjonen ved at han er og har vore president for ei rekkje leiande organisasjonar og redaktør for sentrale tidsskrift innan profesjonen. Han var også ein av leiarane for den såkalla Mirrlees Review of Tax Reform som vart lagt fram i 2010.

Blundell har også hatt og har ei viktig rolle som institusjonsbyggar ved at han har vore sentral i oppbygginga av Department of Economics ved University College London til å bli eit av dei fremste miljøa internasjonalt. Blundell har vitja NHH fleire gonger og det har vore nær kontakt mellom forskarane frå NHH og UCL.


B. Espen Eckbo

Tuck Centennial Chair Professor of Finance, and Founding Director, Lindenauer Center for Corporate Governance, Tuck School of Business, Dartmouth College (USA). Adjunct Professor, NHH. PhD, University of Rochester 1981.

B. Espen Eckbo forskar innan føretaksfinansiering og kapitalmarknader med særleg vekt på investeringsbankverksemd, selskapsstyring, fusjonar og oppkjøp, og porteføljeforvaltning og prestasjonsmåling. Arbeida hans har vore publisert i ei rekkje leiande finanstidsskrift.

Eckbo har utført ei rekkje forskings- og rådgjevingsoppdrag for norske styresmakter. Mellom anna har han bidrege til å utforma styringsprinsipp og strategi for Statens pensjonsfond - utland ("Oljefondet") og vore rådgjevar for Noregs forskingsråd.

Han er professor II ved Institutt for føretaksøkonomi ved NHH, og er høgt skatta for framifrå bidrag til både kursutvikling, undervisning og rettleiing ved doktorgradsprogrammet og vidareutdanningsprogramma i finans.


William W. Hogan

Raymond Plank Professor of Global Energy Policy, John F. Kennedy School of Government, Research Director of the Harvard Electricity Policy Group (HEPG), Harvard University.
PhD, University of California, Los Angeles 1971.

William W. Hogan si forsking på konkurranseorienterte elektrisitetsmarknader er pionerarbeid som har spela ei grunnleggjande rolle for utforming og betring av slike marknader. Blant dei noverande forskingsinteressene hans er spørsmål kring restrukturering av energiindustrien, nettverksprising og tilgangsspørsmål, marknadsutforming og energipolitikk i ulike land, inkludert problemstillingar innan miljøøkonomi og -politikk.

Hogan har vore energipolitisk rådgjevar for den amerikanske regjeringa i ei årrekkje: han har og hjelpt ei rekkje andre land i spørsmål om energipolitikk, restrukturering og reform av energimarknader. Harvard-professoren har hatt tett kontakt med forskingsmiljøa i dei skandinaviske landa, og forskinga hans har hatt avgjerande innverknad for reformene i den norske og den nordiske kraftmarknaden.


Finn E. Kydland

Jeff Henley Professor of Economics, University of California, Santa Barbara. The Richard P. Simmons Distinguished Professorship; University Professor of Economics, Tepper School of Business, Carnegie Mellon University. Adjunct Professor, NHH. Nobel Laureate 2004.
PhD, Carnegie Mellon University 1973.

Finn E. Kydland sine forskingsinteresser omfattar m.a. dynamisk makroøkonomi og konjunkturteori, internasjonal økonomi, arbeidsmarknadsøkonomi og offentleg økonomi. I 2004 fekk han og professorkollega Edward C. Prescott Nobelprisen i økonomi for "deira bidrag til dynamisk makroøkonomisk teori: den økonomiske politikkens tidskonsistens og konjunkturens årsaker." - Arbeidet deira på desse områda har fått stor innverknad, ikkje berre på makroøkonomisk analyse, men også for praktisk penge- og finanspolitikk i ei rekkje land," heitte det i grunngjevinga.

Finn Kydland er siviløkonom frå NHH i 1968 og var forskingsassistent ved høgskulen eitt par år før han reiste vidare til USA og tok doktorgraden. Midt på 1970-talet returnerte han til ei førsteamanuensisstilling ved NHH, og i denne perioden utførte han og gjesteprofessor Prescott grunnleggande delar av arbeidet som gav dei Nobelprisen. Kydland har vore professor II ved NHH sidan 1993.


Ann Langley

Professor, Department of Management, the Canada Research Chair in Strategic Management in Pluralistic Settings, HEC Montréal. Adjunct Professor, NHH.
PhD, HEC Montréal 1989.

Ann Langley forskar primært innan området strategiske endringsprosessar. Ho er særleg oppteken av grunnleggjande spørsmål knytt til forståing av korleis det vert fatta avgjerder i organisasjonar med mange målsettingar, diffuse maktrelasjonar og kunnskapsbaserte arbeidsprosessar.

Forskinga hennar har gjeve viktige bidrag til forståinga av korleis formell styringsteknologi, t.d. strategi, kan koma i konflikt med ulike dynamikkar i slike "pluralistiske" organisasjonar.

Sidan 2002 har Langley hatt nære band til fagmiljøet ved Institutt for strategi og leiing - særleg strategigruppa - og har forfatta artiklar og redigert bøker i samarbeid med NHH-kollegaer. Ho bidreg også både som rettleiar, opponent i doktorgradskomitear og som kursansvarleg på doktorgradskurs.


Jean-Paul Larcon

Professor, Senior Associate Dean for International Development, HEC Paris.
Doctorate, Université de Paris IX-Dauphine 1971.

Jean-Paul Larçon er professor i strategi med ein omfattande forskingsproduksjon knytt til internasjonal føretaksstrategi. I dei seinare åra har han særleg vore oppteken av strategi- og forretningsutvikling i voksande marknader, særleg Brasil, Russland, India og Kina.

Som Senior Associate Dean ved HEC har han bidrege til oppretting av ei rekkje utdanningsprogram i Aust-Europa, Midtausten, Nord-Afrika, Sentral-Asia og Kina. Larçon var rektor ved HEC Paris i perioden 1982 til 1989, og i 1988 var han blant initiativtakarane til CEMS saman med rektorkollegaene ved ESADE, Bocconi og Universitetet i Köln.

Han spela også ei sentral rolle då NHH vart CEMS-medlem i 1992. Sidan har han vore gjesteprofessor ved NHH og bidrege substansielt til eit tett og godt samarbeid mellom NHH og HEC Paris, noko som både har vore med å styrka internasjonaliseringsarbeidet ved NHH og høgskulen sin posisjon internasjonalt.


William F. Messier jr.


Kenneth and Tracy Knauss Endowed Chair in Accounting, Department of Accounting, University of Nevada, Las Vegas. PWC Professor II, Department of Accounting, Auditing and Law, NHH.
DBA, Indiana University 1979.

William F. Messier jr. sin forskingsproduksjon er omfattande og har vore banebrytande på ei rekke område innan rekneskap og revisjon, blant anna når det gjeld modellar for revisors vurderingar, ekspertsystem og avgjerdsstøttessystem, avgjerdsstøttehjelpemiddel i revisjon, "recency"-effektar i revisorvurderingar, samt kvalitetskontrollprosessen og oppdragskvalitetskontroll. Han har publisert artiklar i dei leiande internasjonale forskingstidsskrifta gjennom ein 30-årsperiode og hatt svært stor innverknad på forskinga på feltet.

Professor Messier har hatt mykje å seia for kvaliteten til NHH sitt masterprogram innan rekneskap og revisjon og har gjeve viktige bidrag til doktorgradsprogrammet. Han har dessutan spelt ei avgjerande rolle i etableringa av revisjon som eit forskingsområde ved NHH og i den akademiske utviklinga av fagstaben ved høgskulen.


Katherine Schipper

Thomas F Keller Professor, Fuqua School of Business, Duke University.
PhD, University of Chicago 1977.

Katherine Schipper er primært kjent for si empiriske forsking innan finansregnskap, og særleg på rolla informasjon speler i finansmarknader. Ho har blant anna arbeidd med å utvikla kriterium og metodar for å måla kvaliteten og relevansen til rekneskapsinformasjon.

Frå 2001 til 2005 var Schipper medlem av Financial Accounting Standards Board, som utformar regnskapsstandardar i USA. Her fekk ho demonstrert evne til å gje rekneskapsforsking innverknad i praksis.

Professor Schipper er kjent som ein framifrå undervisar. Ho har vore rettleiar for ei lang rekkje doktorandar og har halde doktorgradskurs i ei rekkje land over heile verda. Ho har også vitja NHH fleire gongar.


Patrick Rey

Professor of Economics, Université Toulouse I Capitole, member of Institut d'Économie Industrielle (IDEI) and Toulouse School of Economics.
PhD, Université Toulouse I 1992.

Patrick Rey har bakgrunn frå både ingeniørfag, statistikk og økonomi og har ein brei forskingsproduksjon innan fagfeltet næringsøkonomi. Arbeidsfelta hans omfattar m.a. kontraktteori, informasjonsøkonomi, økonomisk organisasjonsteori, konkurransepolitikk, regulering og føretaksfinansiering. Professor Rey har bidrege aktivt i høve politikkutforming, og då særleg innan konkurransepolitikk. Då EU-kommisjonen endra reglane for vertikale restriksjonar i 1999 var omlegginga i stor grad basert på eit arbeid av Rey, og han har vore med i prosessen kring endringar i EU-reglane for misbruk av dominerande marknadsposisjonar.

Rey har eitt breitt nettverk og er svært aktiv innanfor sitt fagfelt, blant anna som arrangør av konferansar og seminar, og var blant initiativtakarane til Association for Competition Economics (ACE) i 2003. Han har vitja NHH ei rekkje gonger i ulike samanhengar.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive