Nytt trådlaust nett

Trådlaust nett (Illustrasjon)

Kraftig auke i bruken skapte stabilitetsproblem på trådlause nettet i Servicebygget. No er nytt nett med større kapasitet på plass.

10.09.2010 - Hallvard Lyssand


- Det trådlause nettet i Servicebygget vart ustabilt fordi bruken auka kraftig utan at vi hadde moglegheit til å utvida kapasiteten. Men i juni fekk vi midlar til prosjektet, og no har vi bygd ut optimal trådlaus infrastruktur i Servicebygget, seier IT-sjef Thor-Inge Næsset.

- Rett nok kan også det nye nettet vera ustabilt i ein innkøyringsperioden, men då skuldast det ikkje mangel på kapasitet, legg han til.

Nettet vart teke i bruk tysdag 7. september, og IT-avdelinga reknar med at innkøyringsperioden vil vara i om lag ei veke.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive