Mange NHH-bidrag i ny bok
Kombinasjonen av ein workshop og feiringa av professor Kurt Jörnsten sin 60-årsdag i mai 2008 har no resultert i boka "Energy, Natural Resources and Environmental Economics" med bidrag frå ei rekkje NHH- og SNF-forskarar.
18.10.2010 - Hallvard Lyssand
15. og 16. mai 2008 var ei rekkje forskarar som arbeider med tema knytt til energi, naturressursar og miljøøkonomi samla til workshop i Bergen. Målet var å skapa ein møteplass for forskarar innan desse felta, og samstundes å feira 60-årsdagen til professor Kurt Jörnsten ved Institutt for foretaksøkonomi.
Både ein del av arbeida som vart presenterte på workshopen og ei rekkje andre bidrag er no med i boka "Energy, Natural Resources and Envirommental Economics," som kom ut i serien Energy Systems på Springer-Verlag tidlegare i haust.
Boka er redigert av førsteamanuensis Endre Bjørndal frå Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap, professorane Mette Bjørndal og Mikael Rönnqvist frå Institutt for foretaksøkonomi og professor Panos Pardalos frå University of Florida.
Dei i alt 29 artiklane i boka spenner over eit breitt spekter, frå styring av olje- og gassressursar og -inntekter, via prisar og risikostyring i elektrisitetsmarknadar til meir generelle problemstillingar knytt til naturressursar.
- Vi ønskte å laga ei bok som kunne brukast på ulike vis og boka inneheld mykje forskjellig. Ein del av artiklane er relativt tungt akademiske, men storparten av artiklane bør både masterstudentar på ENE-studiet og folk frå industrien kunne lesa og ha nytte av, seier Endre Bjørndal.
- Vi hadde vel i utgangspunktet sett for oss at boka skulle vera klar alt då ENE-profilen starta opp hausten 2008, men det tek lang tid å laga bok, legg han til.
Bidragsytarane kjem frå ei rekkje norske og internasjonale utdanningsinstitusjonar og verksemder, og NHH og SNF er svært godt representert på lista over forfattarar.
Dei som har bidrege, anten åleine eller i samarbeid med andre er Knut K. Aase (FOR), Jonas Andersson (FOR), Jens Bengtsson (RRR), Petter Bjerksund (FOR), Endre Bjørndal (RRR), Mette Bjørndal (FOR), Trond Døskeland (RRR), Anna Mette Fuglseth (SOL), Ole Gjølberg (Prof. II, FOR), Arent Greve (SOL), Kjell Grønhaug (SOL), Kurt Jörnsten (FOR), Jostein Lillestøl (FOR), Lars Mathiesen (SAM), Sigrid-Lise Nonås (FOR), Petter Osmundsen (Prof. II, FOR), Mikael Rönnqvist (FOR), Linda Rud (FOR), Leif K. Sandal (FOR), Stein I. Steinshamn (SNF) og Gunnar Stensland (FOR).
Energy, Natural Resources and Environmental Economics E. Bjørndal, M. Bjørndal, M. Rönnqvist, P. Pardalos (Red.) Springer-Verlag 2010
|