Katarina Östergren utnemnt til professor
Katarina Östergren ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap har fått ei stilling som professor ved NHH.
22.10.2010 - Hallvard Lyssand
Katarina Östergren kunne fredag ta imot gratulasjonar etter at Tilsetjingsutvalet hadde tilsett henne i ein stilling som professor i Management control.
Östergren vart tilsett ved NHH i 2005 og er instituttleiar ved RRR.
Ho er dr. philos. frå Umeå universitet i 1995. Før ho kom til NHH arbeidde Östergren m.a. ved Handelshögskolan ved Umeå universitet, i PricewaterhouseCoopers og som forskar ved Rokkan-senteret ved UiB, som ho framleis er tilknytta.
Prorektor Gunnar E. Christensen kunne fredag gratulera Katarina Östergren med opprykk til professor.
|