Truverd i klimadebatten
Klimaforskarane har ei stor utfordring når dei skal formidle forskingsresultat.- Kven blir høyrde? Dette er eit viktig spørsmål i klimadiskursen, seier professor Trine Dahl.
10.11.2010 - Sigrid Folkestad/NHH Bulletin
Trine Dahl deltek i eit internasjonalt forskingsprosjekt der klimaendring og fattigdom står i fokus. Prosjektet Climate Change Narratives, Rights and the Poor er eit prosjekt der internasjonale toppforskarar frå naturvitskap, samfunnsvitskap og humaniora skal samarbeide tett.
Hovudmålsetjinga er å studere samspelet mellom kunnskap, dei som skal handle ut frå denne kunnskapen, og enkeltmennesket, altså mellom vitskap, politikk og samfunnet generelt.
Andre globale utfordringar
Forskarane skal rette merksemda både mot den internasjonale arenaen og mot lokale nivå og kjem til å jobbe spesielt med Sør-Afrika, eit land som blir klassifisert både som eit utviklingsland og eit industriland.
- Vi skal sjå på kva plass spørsmål knytte til fattigdom og sosiale rettar får, og derfor er Sør-Afrika eit sentralt studieobjekt, seier professor Trine Dahl ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH.
Forskarane, som no er i startfasen av prosjektet, er opptekne av kva som skjer med andre store globale utfordringar, som fattigdom, helse og tilgang til reint vatn, når formidlinga av forsking på klimaendringar er så dominerande.
- Klimaendring som fagområde er svært omfattande. Det grip inn i livet vårt på ein unik måte. Det vev saman kunnskap med base i naturvitskapane med økonomiske vurderingar, politiske prioriteringar og vedtak, og oppfatninga til den enkelte om verda og korleis vi bør innrette oss.
Studere klimatekstane
Professor Trine Dahl.
- Som språkforskar er eg oppteken av korleis den fattige delen av befolkninga blir påverka, men òg av korleis dei kan påverke med stemmene sine, om stemmene deira blir høyrde. Vi som språkforskarar jobbar med spor i teksten og studerer kven som er aktørane. Ser vi aktørane i teksten, eller ligg dei gøymde, spør Dahl.
Forskarane skal jobbe med analysar av svært ulike typar tekstar som blir formidla gjennom ulike kanalar.
- Når det gjeld dei lingvistiske studiane eg kjem til å vere involvert i, er utgangspunktet at klimaendringstekstar representerer forteljingar, eller narrativ, der ulike aktørar, handlingar og utfall blir presenterte.
Sentrale spørsmål i studien er mellom anna korleis ein byggjer truverd, korleis usikkerheit og kompleksitet blir formidla, og på kva måte lokale rettar blir handtert opp mot globale utfordringar.
Kompleksitet og usikkerheit er svært viktige aspekt ved klimaforskinga.
- Klimaendring og forsking er store og kompliserte tema. Det er vanskeleg for forskarane å seie nøyaktig kva som skjer, og kvifor det skjer, og kva som må endrast for å unngå at noko uønskt skal hende. Dei fleste er einige om at det vi står overfor, er menneskeskapte klimaendringar, men samtidig har vi naturleg klimavariasjon. Det at bodskapen er så kompleks og usikker, skal òg formidlast til publikum. Korleis dette blir kommunisert, er noko av det eg skal jobbe med vidare, fortel Dahl.
Felles forståing av omgrep
- Dette er veldig interessant. Mange i prosjektet har jobba med klimaspørsmål i ei årrekkje, mens eg sjølv er ny på feltet. Eg ser at det er mange ulike vinklingar ein kan velje å ta med inn i eit slikt prosjekt.
- Det blir spennande å sjå om prosjektet greier å utvikle felles metodologiske reiskapar og skape ei felles forståing for omgrep som blir brukte innanfor fleire disiplinar. Det kan til dømes vere «fattigdom», «det gode liv» eller «menneskerettar».
Det same vil gjelde for forskingsomgrep, som til dømes «diskursanalyse». Prosjektet tek sikte på å gjennomføre casestudiar og å finne udekte felt i forskinga.
Professor Asuncion St. Clair ved sosiologisk institutt ved UiB, skal leie forskingsprosjektet.
Eitt mål med prosjektet, fortel Dahl, er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for Noregs bilaterale samarbeid med Sør-Afrika, også med sikte på å oppnå ei betre forståing av utfordringar for samarbeid om utviklingshjelp når ein ønskjer å ta ansvar for både miljøet og dei fattige.
Saka er henta frå NHH Bulletin nr. 3, 2010
|