Varslar slutten for Store norske leksikon

Store norske leksikon på nett (Illustrasjon)

Frå 1. juli vert Store norske leksikon (SNL) avvikla som ei forlagseigd teneste, varslar eigarane Aschehoug og Gyldendal. Forlaga er likevel viljuge til å la andre overta data og teknologi på visse vilkår. Førsteamanuensis Gisle Andersen meiner SNL er ein så viktig kunnskapsbase at det offentlege bør bidra til at tilbodet vert oppretthalde.

11.03.2010 - Hallvard Lyssand


Siste utgåve av Store norske leksikon på papir er trykt, og i januar i år kom dei første åtvaringane om at også nettversjonen kunne vera i ferd med å bli historie.

Tysdag kom stadfestinga: Utgjevar av Store norske leksikon, Kunnskapsforlaget, melde at all drift av nettstaden storenorskeleksikon.no vert avvikla frå 1. juli i år.

Avgjera er teken av eigarane, Aschehoug og Gyldendal.

Mellom anna grunna konkurranse frå gratis nettinnhald, og særleg Wikipedia, vart Store norske leksikon opna for gratis tilgang og direkte oppdatering for vel eitt år sidan.

- Kombinasjonen av kvalitetssikring frå fagfolk og brukarbidrag har fått god mottaking og vert vurdert som rett modell for framtidas nasjonalleksikon i Noreg. Men annonseinntekter og annan finansiering har svikta, og det er umogleg å driva nettstaden vidare på kommersiell basis, heiter det i pressemeldinga.

- Det beste frå to verder

Førsteamanuensis Gisle Andersen (Arkivfoto)
Førsteamanuensis Gisle Andersen.

Førsteamanuensis Gisle Andersen ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon tykkjer nedleggingsmeldinga er trist.

- Eg har vore oppteken av SNL.no lenge. Delvis fordi eg er fagansvarleg for området korpuslingvistikk, men også fordi eg bruker det som døme i undervisninga når det dreier seg kjeldekritikk og kvalitetssikring av informasjon ein hentar frå internett.

- Wikipedia er fantastisk på mange måtar, og eg brukar nettstaden nesten kvar einaste dag. Men det har nokre svakheiter. Ein av dei er at ingen er ansvarlege. Alle kan skriva og redigera artiklar, og det finst rikeleg av feil, manglar og tilfelle av manipulasjon. Dette må både studentar og andre vera klar over. Wikipedia kan ikkje brukast som vitskapeleg kjelde, påpeikar Andersen.

- SNL er ein hybrid av eit vanleg leksikon og wiki-varianten. Det er nettbasert, men har fagansvarlege for kvart område. Brukarar kan kommentera, men ikkje redigera fagartiklar, samstundes som dei kan leggja inn eige stoff. Ein får det beste frå to verder, og eg håpa det skulle ha livets rett, held han fram.

- Offentleg oppgåve

Sjølv om SNL vert lagt ned som forlagseigd teneste, har utgjevarane eit eige forslag til vidare drift.

"Kunnskapsforlaget er klart til å inngå avtale med det offentlige om vederlagsfri overdragelse på betingelse av at leksikonet drives seriøst videre som nasjonalt fagfolk-leksikon. En stiftelse med offentlig støtte - en modell som vil sikre redaksjonell uavhengighet - er foreslått for eventuell fremtidig drift," heiter det i pressemeldinga.

Gisle Andersen finn det litt underleg at utgjevarane gjev opp etter såpass kort tid all den tid dei må ha investert relativt mykje i å oppretta tenesta.

Samstundes vonar han at nokon tek agnet forlaget legg ut.

- SNL er ein svært viktig nasjonal kunnskapsbase, og meiner det må vera eit statleg ansvar å bidra til at denne vert oppretthalde og at det kjem på plass ein berekraftig modell. Det bør kulturnasjonen Noreg ta seg råd til, sluttar han.

Les heile pressemeldinga om leksikonnedlegginga hjå snl.no



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive