NHH-lag vant case-konkurranse

Vinnarlag, KPMG Case-konkurranse: Frå venstre, Karina Kolden, Jarl Thomas Sveen, Svein Ove Langeland og Kjetil Støve. (Foto: Kristine G. Schjerven/Newswire)

Eit lag av fire NHH-studentar gjekk sigrande ut av KPMG sin casekonkurranse.

08.03.2010 - Hallvard Lyssand


Dei siste seks åra har KPMG arrangert casekonkurranse for studentlag. Årets konkurranse gjekk over to dagar. I den innleiande runden kjempa 10 lag om tre finaleplassar.

I finalerunden møttest lag frå NHH, BI og NTNU.

Oppgåva dei løyste handla om internasjonal ekspansjon for klesmerket Moods of Norway.

Eit dommarpanel frå KPMG vurderte laga på alt frå analyse av oppgåva til presentasjon av løysingar og argumentasjon.

Til slutt stod NHH-kvartetten Karina Kolden, Kjetil Støve, Jarl Thomas Sveen og Svein Ove Flem Langeland att som vinnarar. Kolden har økonomisk styring som hovudprofil, dei tre resterande har finans.

- Det som sikra oss sigeren var fyrst og fremst engasjementet vi viste under presentasjonen. Vi kom med mange gode, men og litt galne idear som dommarane likte. Dessutan svara vi godt på spørsmål og hadde trua på vår eiga løysing, seier Kolden.

Premien for sigeren i den nasjonale finalen er kr 20.000. I tillegg er laget kvalifisert til KPMG sin internasjonale konkurranse i Athen i april

- Korleis førebur de dykk til den internasjonale konkurransen?

- Det er eigentleg meininga at vi skal ha ein case-dag i Bergen før vi dreg til Athen. Sidan eg er i Wien på utveksling kan det bli vanskeleg, men vi jobbar med saka. Dersom det ikkje blir noko av, må vi berre satse på at vi har nok trening frå før, seier Kolden.

Fleire av medlemmene på vinnarlaget har alt skaffa seg internasjonal erfaring frå casekonkurransar. Så seint som i fjor kom eit NHH-lag med blant anna Kolden, Sveen og Flem Langeland til finalen i ein konkurranse ved University of Washington. Les sak på Paraplyen

Les meir og sjå video frå KPMG-konkurransen på karrieremagasinet.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive