Inviterer til konkurranse om entreprenørskap og bærekraftige byar

Shanghai 2010 Award

NHH sine Cems-partnarar HEC Paris og Tsinghua SEM i Beijing inviterer studentlag til å delta i ein konkurranse om beste forretningsprosjekt under temaet Entreprenørskap og den bærekraftige byen. In English

16.03.2010 - Red.


Konkurranse har tittelen Shanghai 2010 Award, Entrepreneurship and the Sustainable City.

Målet er å styrka medvitet om bærekraftig urban utvikling blant studentar og unge entrprenørar, samstundes som ein får fram nye forretningsmodellar og idear som bidreg til eit betre liv i byar.

Konkurransen er for lag på tre personar frå same skule. Laga må levera inn eit forretningsprosjekt innanfor konkurransetemaet innan 30. april.

Dei tre beste laga blir premiert med ein tur til Shanghai i juli i år, samt pengepremiar og mentorhjelp frå næringslivsfolk.

Les meir om bakgrunnen for konkurransen på Paraplyen sine engelske sider

Finn konkurransereglar og påmeldingsdetaljar med meir på Shanghai 2010 Award sine nettsider

Koordinator ved NHH er Førsteamanuensis Tor Aase Johannessen ved Institutt for Strategi og ledelse, som også er CEMS Academic director ved NHH.

Shanghai 2010 Award

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive