God utteljing for GOLD

GOLD, NHH, AFF

Forskingsprosjektet Global Organization and Leadership Development (GOLD) gjev resultat både i form av ny internasjonalt orientert forsking og styrka samarbeid på tvers av NHH-miljøet. No er tre artiklar skrive av dei involverte i prosjektet antatt av Academy of Managements prestisjetunge konferanse. In English

26.03.2010 - Hallvard Lyssand


Når Academy of Managements (AOM) årlege gigantkonferanse går av stabelen i Montréal i Canada frå 6. til 10.august i år vert tre av innlegga haldne av NHH- og AFF-folk tilknytt forskingsprosjektet Global Organization and Leadership Development (GOLD).

- Dette er ein prestisjefylt konferanse, og den årlege storhendinga på fagfeltet. Konkurransen om å få presentera artiklar er hard. 70 prosent av innsende bidrag vert avviste. At vi har fått med tre "papers" frå eit og same prosjekt er derfor noko av ein prestasjon, seier Paul Gooderham, som er professor ved Institutt for strategi og ledelse og prosjektleiar for GOLD.

Det forskingsmessige hovudfokuset for GOLD er integrering og kunnskapsdeling i multinasjonale konsern.

Arbeida som skal presenterast under AOM-konferansen er, forutan Gooderham, forfatta av professor Bjarne Espedal, førsteamanuensis Inger Stensaker, forskningsleiar Rune Rønning frå AFF og Heidimarie Evensen

Artiklane av Espedal, Gooderham og Evensen og Stensaker og Gooderham handlar om global leiarutvikling i høvesvis Yara og Veidekke.

Gooderham og Rønning sin artikkel tek for seg integrering av verdikjedar i multinasjonale selskap med utgangspunkt i Rieber og Søn.

Les meir om artiklane lenger nede i saka

Tett samarbeid

Professor Paul N. Gooderham (Arkivfoto)
Professor Paul N. Gooderham

GOLD er eit samarbeid mellom Institutt for strategi og ledelse ved NHH og AFF. Finansieringa kjem frå verksemdene Yara, Veidekke og Rieber og Søn, samt AFF og Norges Forskningsråd.

Forskingsprosjektet vart sett i gang for tre år sidan, og skal etter planen avsluttast komande haust.

- Prosjektet er noko av ein milepæl for NHH-miljøet. Dette er første gong det har vore eit så tett og langvarig forskingssamarbeid mellom NHH og AFF, og samarbeidet er årsaka til dei gode resultata vi oppnår, seier Gooderham.

- Eg trur vi har utvikla ein måte å samarbeida på som gjev gjensidig utbyte, og som vi kan byggja vidare på i andre prosjekt. Det har vore utfordrande både for oss forskarar og for AFF-konsulentane, men vi har utvikla forståing og respekt på tvers av miljøa, held han fram.


Fruktbar kontrast

Forskingsleiar ved AFF, dr. Rune Rønning (Foto: AFF)
Forskingsleiar ved AFF, dr. Rune Rønning.
Foto: AFF

- Denne typen samarbeid mellom NHH og AFF er viktig og potensielt svært fruktbart, seier dr. Rune Rønning, som er forskingsleiar i AFF.

- Forskingsleiarstillinga er mellom annan oppretta fordi GOLD-samarbeidet har vore vellukka, og fordi vil utvikla dette arbeidet vidare, seier han.

Rønning ser stort potensiale i å utnytta dei sterke sidene til dei ulike miljøa.

- Som konsulentar er vi tett på kundane og kjenner dei godt. For forskarane er ofte distansen større.

- På den andre sida er konsulentmiljøa meir ateoretiske. Nye prosjekt kjem stadig til og ting går ofte svært fort. Konsekvensen kan vera at ein ikkje får brukt tilstrekkeleg med tid på fagleg oppdatering.

- Forskarane er alltid grundige, kritiske og stiller spørsmål ved alt, seier Rønning.

- Desse kontrastane er fruktbare, men dei gjev også grunnlag for konfliktar. Her er det tale om høgst ulike språk og kulturar. Vi har hatt våre utfordringar, men dei har vi kome gjennom, held han fram, og avsluttar:

- Det er viktig at overordna organ ved NHH og i AFF bidreg til å fasttømra slike samarbeid, elles vert det fort for personavhengig.


Forskingsbasert forståing av multinasjonale verksemder

Professor Bjarne Espedal (Foto: Arkiv)
Professor Bjarne Espedal.

Utganspunktet for GOLD-prosjektet ligg fire år tilbake i tid.

- Ved NHH var vi klar over at mange norske verksemder i realiteten er fullverdige multinasjonale selskap, og ved AFF registrerte dei at kundane deira i aukande grad er multinasjonale. Begge miljø hadde felles interesse av å få breiare forskingsbasert forståing av kva utviklinga inneber, fortel Gooderham.

- For AFF handlar det om å vera best mogeleg rusta til å driva leiarutvikling i multinasjonale selskap. For NHH er det viktig å få data som syner kva utviklinga mot multinasjonale selskap betyr reint organisatorisk, samstundes som ein får styrka undervisninga i fag som International management og International strategy, legg han til.


KMB-prosjekt

Førsteamanuensis Inger Stensaker (Arkivfoto)
Førsteamanuensis Inger Stensaker.

Då NHH-forskarane og AFF såg at dei hadde felles interesser måtte det skaffast pengar frå samarbeidspartnarar i næringslivet for å få prosjektet i gang.

At Yara, Veidekke, Rieber og AFF Stiftelse gjekk inn med midlar, utløyste støtte frå Forskningsrådet. Til saman er prosjektet tilført 7 mill. kroner over tre år.

- Dette er eit såkalla KMB-prosjekt - Kompetanseutvikling med brukarmedverknad. Det er noko anna enn prosjekt med frie midlar i NFR-regi, påpeikar Gooderham.

- I KMB-prosjekt er ein avhengig av bedrifter som er viljuge til å skyta inn pengar i prosjektet. Rapportane vi skriv vert lesne og diskuterte nøye i selskapa, og det faktum at dei har valt å oppretthalda støtta tolkar vi som eit kvalitetsteikn i seg sjølv, legg han til.

- Viktig å forska på dei store

- Kan det faktum at store, sterkt internasjonalt orienterte norske bedrifter er samarbeidspartnarar og forskingsobjekt ha bidrege til at de har fått så godt gjennomslag ved AOM-konferansen?

- Det er eit godt spørsmål. Det som er sikkert er at det er viktig for NHH å forska på dei største norske bedriftene og å kunna handtera forskingsoppgåver for dei store, seier Gooderham.

- Dei 30 største norske verksemdene har mellom 60 og 80 prosent av sine tilsette i land utanfor Noreg. Det er sofistikerte bedrifter som kan velja samarbeidspartnarar frå øvste hylle. Og når dei vel oss er det ikkje ut frå lojalitet, fortsett han, og konstaterer at det hadde blitt rart å undervisa på kurs i International Management utan kontakt med dei store multinasjonale selskapa med norsk utspring.

- NHH er avhengig av kontakt med store verksemder for å halda oss à jour innan forsking og undervisning. Slik kontakt er ein føresetnad om ein vil vera ein fullverdig business school, seier han.


Artiklane

Designing Global Leadership Programs that Promote Social Capital and Knowledge Sharing

Artikkelen "Designing Global Leadership Programs that Promote Social Capital and Knowledge Sharing" av Paul Gooderham og Inger Stensaker undersøker om globale leiarutviklingsprogram kan fungera som eit verktøy for utviklinga av sosial kapital i multinasjonale selskap og bidra til å betra kunnskapsdeling på tvers av selskapsdivisjonar og nasjonale grenser.

Studien gjør bruk av en kombinasjon av kvalitative og kvantitative data, samla inn ved intervju og spørjeskjema.

Funna tydar på at globale leiarutviklingsprogram kan vera eit middel for å fremja kunnskapsdeling over landegrenser, men effekten av slike program avhenger av korleis programma er utforma.

Det vert særleg peikt på to faktorar som er avgjerande for utvikling av sosial kapital og kunnskapsdeling: Deltakarane sine tidlegare erfaringar med leiarskapsprogram (eit utvalsspørsmål) og kvaliteten på den sosiale interaksjonen i gruppearbeid (eit prosess-spørsmål).


The Impact of Global Leadership Programs on Social Capital and Knowledge Sharing in Multinational Enterprises

Bjarne Espedal, Paul Gooderham og Heidimarie Evensen har skrive artikkelen "The impact of global leadership programs on social capital and knowledge sharing in multinational enterprises."

Med utgangspunkt i sosial kapitals betydning for kunnskapsdeling i multinasjonale selskap fokuserer artikkelen primært på rolla globale leiarutviklingsprogram spelar for både sosial kapital og kunnskapsdeling i multinasjonale selskap.

Data som vert brukt er henta frå Norfert, et skandinavisk multinasjonalt selskap, som introduserte sitt første leiarutviklingsprogram i 2007 under tittelen LEAD.

For å undersøka LEADs innverknad vert det nytta både kvantitative og kvalitative data.

Langsgåande kvantitative data tyder på at LEAD hadde negativ effekt på kunnskapsdeling. Ved bruk av kvalitative data blir ein i stand til å forklara desse funna i den spesifikke kulturelle og organisatoriske konteksten der LEAD vart planlagt, utvikla og gjennomført.


The Transition from a Multi-domestic to Globally Integrated Multinational Enterprise - In an Industry where Local Taste Matters

Professor Paul Gooderham (SOL) og forskingsleiar Rune Rønning (AFF) har skrive artikkelen "The Transition from a Multi-domestic to Globally Integrated Multinational Enterprise - In an Industry where Local Taste Matters."

Dette er ei case-basert studie som undersøker hindringane multinasjonale selskap møter når dei freistar å integrera nøkkelfunksjonar, som til dømes innkjøp på tvers av landegrenser.

Studien skildrar framgangen det norske multinasjonale selskapet Scandinavian Foods (SCF) hadde med den innleiande fasen av sitt innkjøpsintegrasjonsprosjekt.

På den eine sida opererer SCF innanfor ein industri som treng lokal velvilje i høve til sluttprodukta sine. På den andre sida er levedyktigheiten deira avhengig av at dei oppnår innsparingar ved innkjøp.

SCF-tilfellet vert brukt til å illustrera politiske, kunnskapsmessige, og sosialkapitalmessige barrierar selskap møter når dei vil gå frå relativt uavhengige operasjonar i ulike land (multi-domestic) til globalt integrerte operasjonar.


KVit1
Academy of Management

Academy of Management (AOM) er ein av verdas største og fremste samanslutningar for leiings- og organisasjonsforskarar.

AOM har over 18000 medlemmer frå 102 land.

Hovudsetet er ved Lubin School of Business ved Pace University.

Academy of Managements heimeside

The Annual Meeting of The Academy of Management

Finn stad kvart år i august.

Med opp til 9000 deltakarar er det verdas største konferanse på fagfeltet.

Årets konferanse finn stad i Montréal i Canada frå 6. til 10. august.

2010-konferansens nettsider



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive