Ulikskaps-workshop med forskar frå Verdsbanken
Måndag 10. mai kjem forskingsleiar i Verdsbanken, Branko Milanovic, til NHH for å leia ein workshop med temaet global ulikskap.
05.05.2010 - Hallvard Lyssand
Global ulikskap er tema når forskargruppene innan internasjonal økonomi, makroøkonomi og social choice/eksperiment ved Institutt for samfunnsøkonomi arrangerer felles workshop måndag 10. mai.
Kva målemetode gjev det mest reelle biletet når ein gjer inntektssamanlikningar mellom land? Korleis får ein til dømes eit mest mogeleg presist biletet av gapet mellom fattige og rike i verda, og korleis tilhøvet har endra seg over tid?
Dette er nokre av dei sentrale spørsmåla når ein forskar på global ulikskap.
Til workshop-en måndag kjem økonomen Branko Milanovic, som er leiar for Verdsbanken sitt forskingsarbeid innan fattigdom og ulikskap.
Han vil m.a. ta for seg resultata av nye samanlikningar av prisnivå mellom land, og utrekningar av kjøpekraft basert på prissamanlikningane som syner at dei globale forskjellane er større enn tidlegare antatt.
Les meir Branko Milanovic og sjå ei liste over publikasjonar på Verdsbanken sin nettsider
Workshop: Global Inequality Forskingsleiar Branko Milanovic, Verdsbanken
Dato: Måndag 10. Mai
Tid: 14.15-15.00
Stad: Karl Borchs aud.
Prisnominert for ulikskapsartikkel
Prisnominert: Ingvild Almås
Blant NHH-forskarane som arbeider med problemstillingar knytt til global ulikskap og utvikling er postdoktor Ingvild Almås ved Institutt for samfunnsøkonomi.
Almås forskar m.a. på bruken av høvesvis valutakursbaserte og kjøpekraftsjusterte mål som metodar i samband med inntektssamanlikningar mellom land.
Det valutakursbaserte målet nyttar valutakursar for å gjera gjennomsnittsinntekter i ulike land samanliknbare.
Problemet er at denne metoden ikkje tek omsyn til at prisane på varer er ulike i ulike land, og dermed vert det ikkje eit direkte mål på forskjellen i kjøpekraft mellom gjennomsnittsinnbyggjarar i ulike land.
Meir vekt på det kjøpekraftjusterande målet skulle bøta på den manglande presisjonen til valutakursmålet, og dermed gje eit meir reelt bilete av global ulikskap.
Men Almås si forsking viser at den mest brukte metoden som vert nytta i samband med kjøpekraftsamanlikning har store svakheiter.
- Konsekvensen er at inntektene til fattige land blir systematisk overvurdert, og at internasjonal inntektsulikskap i realiteten er kraftig undervurdert, forklarar Almås.
- I realiteten er metodane knytt til kjøpekraftsjusterande mål så dårlege at ein får meir presise resultat for dei fattigaste landa i verda ved ikkje å bruka dei, seier ho.
Forskingsstiftinga CESifo tilknytt Ludwig-Maximilian universitetet i München har nominert Almås til prisen Distinguished CESifo Affiliate Award - ein pris som vert tildelt unge forskarar på basis av artiklar.
Almås er nominert for artikkelen "International Income Inequality: Measuring PPP Bias by Estimating Engel Curves for Food." Ho og dei to andre nominerte skal presentera arbeida sine på ein CESifo-konferanse i München 14. og 15. mai.
Les meir på CESifo sine nettsider
Almås sin instituttkollega, postdoktor Laurence M. Jacquet fekk tilsvarande prisn i fjor for artikkelen "Take it or leave it: Optimal Transfer Programs, Monitoring and Takeup."
|