Skjeletta frå den spanske borgarkrigen

Francisco Franco (Ill.: Wikimedia Commons)

Kronikk: I det spanske rettsvesenet har mentaliteten frå Franco-perioden (1939-1975) overlevd. Den rettslege prosessen som no er i gang for å få dømt dommar Baltasar Garzón for tenestebrot viser dette klart, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon i ein kronikk publisert i Bergens Tidende 11. mai.

11.05.2010 - Johannes Nymark


«Utanfor Spania skjønar ein ikkje kva som skjer med den spanske dommaren Baltasar Garzón… Eg blei kjent med han i 1997, då eg saman med kona mi, María La Madrid, leverte inn ei rettsleg melding for drapet på sonen vår, Marcelo Ariel, og forsvinninga av svigerdottera vår, María Claudia. Dei var foreldre til ei jente som vi via Vatikanet fekk vita var i live. Garzón var den einaste dommaren vi kunne gå til. Det var ingen andre i heile verda som var viljug til å lytta til historiene om brotsverka til det argentinske militærdiktaturet. Det var ingen annen dommar i heile verda som var reie til å ta opp såra til Pinochet sine offer i Chile, og ingen andre som ville gå til sak mot brotsmennene.»

16. OKTOBER 1998: Det utrøyttelege arbeidet til Baltasar Garzón ber sine frukter når Augusto Pinochet blir fengsla i London, klaga for å stå bak drap på spanske og chilenske borgarar under militærdikturet han leia frå 1973 til 1990. Over det meste av verda jubla ein over at dette heslege symbolet på militærdiktator var bak lås og slå. I 503 dagar stod arrestasjonen ved lag. Då filma diktatoren at han var ille sjuk og fekk reisa attende til eit Chile der høgresida feira frigivinga.

Garzón sitt krav om fengsling av Pinochet var mellom anna basert på studiar av dei såkalla terrorarkiva, tre tonn dokument som blei funnen på ein politistasjon i Paraguay og som dokumenterte Kondoroperasjonen ned til dei minste detaljar. Kondoroperasjonen var ein plan som USA sin tidlegare utanriksminister Henry Kissinger hadde klekka ut og som var eit effektivt og brutalt samarbeid mellom militærdiktatura i Sør-Amerika på 1970-talet.

I DET SAME TIÅRET - 1970-ÅRA - tok Spania til på marsjen frå diktatur til demokrati. Sosioøkonomiske endringar frå 1960 hadde gjort landet om frå eit agrarsamfunn til eit industrisamfunn, og i 1975 - då diktatoren Francisco Franco døydde - var dei sosiale endringane blitt så store at vegen låg open for dei demokratisk innstilte gruppene som hadde konsolidert seg i kjølvatnet av industrialiseringa. Den spanske overgangen er blitt rekna som så vellukka at han blei ein modell for mellom anna Latin-Amerika då diktatura der smuldra opp frå starten av 1980-talet.

Den spanske overgangen til demokrati var tufta på treffsikre reformer på fleire felt. Grunnlova av 1978 kom regionane i møte ved å innføra eit autonomt regime der regionane fekk utsterkt grad av indre politisk sjølvstyre. Demokratiske institusjonar blei innførde under prinsippa for maktfordeling og politisk pluralisme, og så vel politiet som dei væpna styrkane var gjennom reformer som la dei under demokratisk politisk kontroll.

DET SVAKE PUNKTET i den spanske overgangsprosessen har heile tida vore rettsvesenet, der mentaliteten frå Franco-perioden (1939-1975) har overlevd spesielt i dei øvste rettsinstansane. Dette kjem klart til uttrykk i den rettslege prosessen som no er i gang for å få dømt Baltasar Garzón for tenestebrot som dommar fordi han har gått til rettslege steg for å røkja etter kva som hende med dei godt og vel 114.000 forsvunne frå Franco-tida og som ein ikkje veit lagnaden til.

Grunnlaget for klagemåla mot Baltasar Garzón er den spanske Amnestilova frå 1977. Lova blei til i eit klima prega av politisk spenning i tida etter at Franco døydde og inngår i det som i ettertid er blitt kalla konsensuspolitikken. Konsensusen var mellom dei mest liberale delane av Falangistrørsla - som hadde hatt politisk monopol under diktaturet - og dei politiske grupperingane som hadde lagt fram krav om politisk brot med diktaturet og overgang til eit demokratisk regime. Dette var alt frå liberale grupper som politisk var plassert til høgre og i sentrum på den politiske skalaen, og til Sosialistpartiet (PSOE) og Kommunistpartiet (PCE), som begge den gongen definerte seg som marxistiske.

MENNESKERETTSKOMITEEN i FN bad i 2008 om at Spania oppheva Amnestilova fordi ho gjorde at dei gjekk fri, dei som under Franco-diktaturet hadde gjort seg skuldige i brotsverk mot menneskeslekta. Såleis kom lova i konflikt med internasjonale menneskerettstraktatar som er blitt ratifiserte av den spanske regjeringa. Komiteen bad likeeins om at ein i Spania oppretta ein undersøkingskommisjon og at «dei familiane det gjeld, skal få høve til å grava opp og identifisera lika til offera». Konklusjonane til Menneskerettskomiteen i FN går i favør av Garzón, som i oktober 2008 erklærte seg habil til å røkja etter lagnaden til dei forsvunne under den spanske borgarkrigen (1936-1939) og i Franco-tida.

Den spanske riksadvokaten klaga formelt over Garzón si avgjerd fordi han for det første meinte det ikkje dreia seg om brotsverk mot menneskeslekta, og for det andre meinte riksadvokatkontoret at ein også med basis i Den historiske minnelova frå 2007 kunne opna massegravene til offera etter Franco-undertrykkinga. Den nemnde minnelova har blitt sterkt kritisert av høgresida, også av det tidlegare regjeringspartiet PP (Partido Popular).

«RETTFERD 0 - FALANGE 1» ropte tilhengjarane av eit rettsoppgjer med dei som stod bak brotsverka i Franco-perioden. «Spania på skeive: korrupte og fascistar dømmer dommaren», var eit anna av ropa i ein demonstrasjon til støtte for dommar Baltasar Garzón. Referansane til korrupte og fascistar refererer i hovudsak til fagforeininga Manos Limpias («Reine hender») og den politiske grupperinga Falange Española. Begge desse organisasjonane blir i spansk presse til vanleg omtala som ekstremistiske grupper på ytste høgre fløy, og Falange Española er dessutan den direkte arvtakaren til Falangist-rørsla, som var einaste tilletne politiske organisasjon i Spania under Franco. Det er desse to gruppene som i første rekkje har målbore dei rettslage klagemåla mot Garzón.

MENNESKERETTSORGANISASJONAR så vel som delar av spansk og internasjonal presse har reagert på handsaminga av den spanske dommaren. «Ein urett i Spania» var tittelen The New York Times sette på ein artikkel som blei publisert 9. april i år. Avisa skriv rett ut at saka mot Baltasar Garzón er politisk motivert. «Dei verkelege brotsverka i denne saka er forsvinningane (under borgarkrigen og Franco-diktaturet), og ikkje det Garzón er klaga for», skriv avisa på leiarplass i eit hardt åtak på det spanske rettsstellet. Er det slik at forsvinningane frå borgarkrigen og Franco-tida er brotsverk mot menneskeslekta i samsvar med internasjonal rett - avisa meiner dét er tilfellet - «kan ikkje Amnestilova frikjenna dei skuldige etter lova», skriv The New York Times.

Spørsmålet er om ein i Spania klarer å stoppa eit rettsoppgjerd som kan henda vil få mange skjelett frå borgarkrigen og diktaturet til å falla ut or skapa.

Kvit
Fakta

Baltasar Garzón

Fødd 26. oktober 1955

Spansk jurist og dommar

Ein avgjerande finger med i spelet for å få dei militære stilte for retten i Argentina og i Chile (mellom anna i saka mot Pinochet på 1990-talet)

Ein rettsleg prosess er i gang i Spania for å få dømt Garzón for tenestebrot.

Dette fordi han har gått til rettslege steg for å undersøkje etter kva som hende med dei godt og vel 114.000 forsvunne frå Franco-tida, som ein ikkje veit lagnaden til.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive