NHH-student prisløna for innsamlingsprosjekt
Gisle Birkeland frå NHH og Rahim Nicolay Ali frå UiB er tildelt prisen Årets studentprosjekt 2010 for etableringa av ein sms- og mms-basert innsamlingsaksjon for jordskjelvofra på Haiti.
10.05.2010 - Red.
Årets studentprosjekt er ein nasjonal konkurranse som er open for studentdrivne prosjekt som har bidrege til innovasjon og samfunnsansvar, eller tettare samarbeid mellom studentar og næringsliv.
Konkurranse vert arrangert av Universum Norge og Deloitte.
I år konkurrerte 35 prosjekt frå 10 utdanningsinstitusjonar. Blant fem finalistar var det til slutt Haiti-aksjonen i regi av NHH-studenten Gisle Birkeland (24) og UiB-studenten Rahim Nicolay Ali (22), som imponerte juryen mest.
Birkeland og Ali etablerte ein sms- og mms-basert innsamlingsaksjon for jordskjelvoffer på Haiti. Inntektene går til ulike hjelpeorganisasjonar
Juryen bestod av generalsekretær i Plan Norge Helen Bjørnøy, grunnlegger av Four Seasons (nå Verdane Capital) Birger Nergaar og tre representantar frå Deloitte.
Dei meiner initiativet til vinnarane både har skaffa pengar til ofra på Haiti, har bidrege til å opna eit nytt gjevarsegment og at dei ansvarlege på kort tid har etablerte eit konsept som kan vera nyttig for hjelpeorganisasjonar.
Les på Haitiaksjonen sine nettsider
|