Vidtfemnande etikk-workshop
Eit breitt spekter av etikkorienterte problemstillingar står på dagsorden når 60 medlemer i Profesjonsetisk nettverk kjem saman til høgst tverrfagleg workshop på NHH torsdag og fredag.
10.06.2010 - Hallvard Lyssand
Profesjonsetisk nettverk er ei samanslutning av forskarar og praktikarar som er opptekne av etiske problemstillingar i arbeidslivet. Blant måla deira er å skapa kontakt og forståing mellom miljø som er opptekne av etiske problemstillingar, og å bidra til å auka kompetansen på feltet.
Når nettverket - som i år forøvrig feirar 10-årsjubileum - samlast til workshop ved NHH i dag og i morgon, er det i regi av etikkmiljøet ved NHH, representert ved SOL-professor Knut Ims og postdoktor Lars Jacob Tynes Pedersen frå Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap i samarbeid med Forum for profesjonsstudier og profesjonsdialog (ForPro)ved Høgskolen i Bergen.
Lokalt, organisk, ope og tverrfagleg
- Ansvaret for arrangementet roterer mellom institusjonar i Bodø, Bergen, Trondheim, Kristiansand og Oslo. Hovudideen er å få til desentralisering og å synleggjera aktivitetar og kompetanse i ulike miljø. Arrangementet vert dessutan organisk, det endrar seg etter arrangør, stad, samarbeidspartnarar og deltakarar, seier Pedersen.
- Dette er eit svært ope og genuint tverrfagleg forum som samlar folk frå både akademia, næringsliv, friviljuge organisasjonar og offentleg forvaltning. Blant deltakarane er alt frå økonomar til musikarar, juristar, legar, journalistar, litteraturvitarar og soldatar, held han fram.
- Men trass i at utgangspunkta i form av fagområde og problemstillingar er høgst ulike, finst det noko underliggjande som er felles, supplerer Knut Ims.
- Etiske problemstillingar som oppstår i einskildsamanhengar må løysast praktisk. Det krev praktisk klokskap, noko praktikarane i nettverket har tileigna seg på ulike vis. Målet for alle deltakarane er å bidra til dialog og idéutveksling, held han fram.
Som døme på høgst tverrfaglege problemstillingar som vil bli presentert og diskutert i samband med dei mange parallelle sesjonane under workshopen nemner Pedersen alt frå lærar sin profesjonsetikk via varsling til prioritering innan helsetenestene.
- Det sistnemnte temaet er interessant frå såvel ein medisinsk, som ein organisatorisk og ein politisk ståstad. Og med utspelet frå helsedirektør Bjørn-Inge Larsen i Aftenposten nyleg om tøffare prioriteringar i helsevesenet vart det jo også dagsaktuelt reint mediemessig, utan at akkurat det var tilsikta. Programmet er sett opp meir med tanke på tematikk enn aktualitet, seier han.
Ims minnar om at også vår tids verkeleg store spørsmål, som klimautfordringar og berekraftig utvikling er etiske problemstillingar, og at dei i høgste grad blir eksemplifisert gjennom dagsaktuelle og partikulære hendingar - t.d. det gigantiske oljeutsleppet i Mexicogolfen og dragkampen for og imot oljeutvinning i Lofoten
Leiing og visdom
Workshopen har to hovudsesjonar. NHH-arane har ansvaret for den første, som har fått tittelen Leiarskap, etikk og visdom.
- Dette er første gong leiarskap er tema i denne samanhengen, fortel Ims.
Innleiarar under sesjonen er Luc Bouckaert og Rita Ghesquière frå Katholieke Universiteit Leuven (Leading with wisdom/Reading literature to educate leaders), Tom Eide frå Diakonhjemmet høgskole (Leadership ethics: on the primacy of mindfulness) og Paul Otto Brunstad frå Sjøkrigsskolen (Klokt lederskap i usikre tider).
Etiske retningsliner
Den andre hovudsesjonen ber tittelen Etikk og etisk kodeks i profesjonsorganisering og profesjonsutøvelse, og er i regi av ForPro ved HiB.
- Her handlar det primært om utforming og innføring av etiske retningslinjer i ulike profesjonar. Slike retningslinjer kan brukast til mykje, men kan også ha klare avgrensingar, seier Tynes Pedersen, og legg til at problemstillingane har stor fagleg relevans for økonomar.
Er så etikkinteressen blant økonomar aukande? Knut Ims er slett ikkje så sikker.
- Tidleg på 1990-talet var det mange som meinte at vi no var på veg inn i etikkens tidsalder, men det synte seg vel knapt å stemma, seier han.
- Merksemda rundt etikk verkar å vera større blant økonomar no enn før, men spørsmålet er kor djupt det eigentleg stikk, seier Pedersen.
- Forøvrig skal det nemnast at NHH-forskarar var pionerar i Norden innan empirisk etikkforsking alt på 1950-talet, understrekar Ims.
Les meir om Profesjonsetisk workshop og sjå programmet på nhh.no
Boklansering
I samband med workshopen vil det også verta lansert ei bok som tematisk tangerer delar av programmet under arrangementet.
Ho har tittelen Heroes and Anti-heroes, European Literature and the Ethics of Leadership, og er redigert av Knut Ims og Rita Ghesquière.
- Verket er basert på bidrag til ein internasjonal workshop om etikk, leiing og litteratur. Bidragsytarane kjem frå store delar av verda, og blant dei er professor Sunniva Whittaker ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon og Lars Jacob Tynes Pedersen, fortel Ims.
Les meir om boka på forlagets nettsider
|