Rekorddeltaking på sommarskulen

The NHH Graduate Summer School in Natural Resource Management and Policy: The Norwegian Model 2010

53 studentar frå heile verda har brukt to sommarveker på å læra meir om den norske modellen for forvaltning av naturressursar. Fredag vart kurset avslutta med presentasjonar av løysingar av gruppeoppgåver.

02.07.2010 - Hallvard Lyssand


Årets utgåve av The NHH Graduate Summer School in Natural Resource Management and Policy: The Norwegian Model var den fjerde i rekka og samla 53 studentar frå NHH og ei rekkje av høgskulen sine partnarinstitusjonar over heile verda.

Deltakarane kom frå over 20 nasjonar og alle verdsdelar var representerte.

- Årets gruppe er den største vi har hatt. I fjor var det til dømes 37 deltakarar, seier professor emeritus Einar Hope, som har vær faglig ansvarlig for sommarskulen sidan oppstarten i 2007.

Einar Hope (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor emeritus Einar Hope ved Institutt for samfunnsøkonomi har hatt det overordna faglege ansvaret for sommarskulen sidan starten i 2007. - Men årets utgåve vert den siste for min del. No får andre overta, seier Hope til Paraplyen.

Hope trur det aukande talet på studentar botnar i at tilbodet byrjar å vert meir kjent ved NHH sine partnarinstitusjonar og at tidlegare deltakarar anbefalar medstudentar å søkja seg til sommarskulen.

Sommarskulen er primært for masterstudentar, og dei som ønskjer plass må kunna visa til gode karakterar. Dei må dessutan skriva eit eige motivasjonsbrev og nominerast av heimeinstitusjonen sin.

Dei som får plass kan sjå fram til 14 dagar med hardt arbeid med hovudvekt på den norske modellen for forvaltning av petroleums-, vasskraft- og fiskeressursar. Kurset er sett saman av førelesningar med NHH- og SNF-forskarar og næringslivsfolk, oppgåveløysing og bedriftsbesøk hjå m.a. Statoil.

- Bakgrunnen til deltakarane er ulik, og det er slett ikkje alle som studerer økonomi. Her er blant anna jusstudentar og anna. Det kan derfor vera litt vrient å få til eit nivå som er felles for deltakarane. I tillegg er programmet temmeleg hektisk. Likevel er presentasjonane studentane gjer på slutten av kurset ofte imponerande, fastslår Hope.


Jessica Andrea Pauli og Silvia Meraz Mendíaz (Foto: Hallvard Lyssand)
Tyske Jessica Andrea Pauli (Nanyang Business School) og meksikanske Silvia Meraz Mendíaz (Instituto Tecnológico Autónomo de México) trivdest i det høgst internasjonale miljøet på NHH sin sommarskule.

Tyske Jessica Andrea Pauli og meksikanske Silvia Meraz Mendíaz let seg ikkje stressa av ein tett timeplan.

- Det har vore lange, men gode dagar med variert program inkludert anledningar til utanomfaglege aktivitetar i eit genuint internasjonalt miljø, seier dei to til Paraplyen i det dei er på veg inn i auditoriet til siste faglege post på sommarskuleprogrammet - plenumspresentasjon av ei gruppeoppgåve.

Deltakarane vart delt inn i grupper på fire etter kjønn og nasjonalitet, og måtte løysa ulike oppgåver knytt til energi, miljø og forvaltning av naturressursar, og presentera løysingane for resten av studentane.

Problemstillingane varierte frå vurdering av den såkalla ressursforbanninga og korleis oljerike utviklingsland kan unngå denne, via analyse av forskjellen mellom råoljemarknaden og naturgassmarknaden og korleis utviklinga innan skifergass vil påverka denne skilnaden, til ein kritisk gjennomgang av den norske modellen for forvaltning av oljeformuen sett i høve til andre forvaltningsmodellar.

Då presentasjonane var overstått kunne studentane sjå fram til siste post på programmet: middag på Fløyen fredag kveld.


Sommarskulen 2010 (Foto: Hallvard Lyssand)
Gruppe 2 gjev si vurdering av den såkalla ressursforbanninga og korleis oljerike u-land kan unngå denne fella. Sveitsisk-austerrikske Alexander Barclay frå University of St. Gallen har ordet medan franske Aurélie Barthere (ESSEC)(t.v.) og ukrainske Kseniya Slynko (University of Cincinnati) følgjer med. Fjerde medlem i gruppa var nigerianske Lawrence Emembolu (University of Cincinnati).
NHH Graduate summer School (Foto: Norunn Økland)
Sommarskulen vart offisielt avslutta med festmiddag på Fløien.
Foto: Norunn Økland

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive