Den største stjerna i fotball-VM

D10S (Illustrasjon)

Kronikk: Spesielt i vår del av verda vert Diego Maradona omtala i den grad han er eksentrisk og ikkje er til å fatta korkje i liv eller tale. Men utan omsyn til kven som vinn i Sør-Afrika - det er trenaren til Argentina som dominerer meisterskapen, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon i ein kronikk publisert i Dagbladet 3. juli 2010.

05.07.2010 - Johannes Nymark


«Somme kritiserer Maradona for at han seier ein ting i dag og ein annan ting i morgon. Maradona er ikkje bunden til noko. Han gjer det kroppen krev. Maradona steller seg slik at sjela hans er fri».

Det er Diego Armando Maradona sjølv som har ordlagt seg slik, ein gong han blei konfrontert med at det han no hevda, stod i motstrid til noko han hadde sagt tidlegare. Sitatet syner også noko anna: korleis Maradona omtalar seg sjølv i tredje person.

Det er denne kjensla av aldri å vita kva ein får, som - saman med ryet som verdas beste fotballspelar nokosinne - verkar som ei magnet på sportsjournalistar når det blir tillyst pressekonferansane med Maradona. Med sin bajasaktige og taletrengte stil kontrollerer han mikrofonar og kamera slik han kontrollerte ballen i si tid som aktiv spelar.

Utan omsyn til kven som vinn fotball-VM 2010, er det ingen tvil om at det er D10S, fotballguden Maradona, med 10-talet på ryggen og innskrive i det spanske ordet for Gud («Dios»), som dominerer meisterskapen, både på og utanfor bana.

Som religiøst ikon er Maradona blitt jamført med Kristusfiguren. Som tilfellet er med Jesu ord, så blir også Maradonas ord kommenterte og analyserte i det vide og det breie. Og det trass i at det han seier, er enkle greier som blir lagde fram i ein stil som i første rekkje appellerer til kjenslene og i mykje mindre grad til innhaldet.

Nett som i ein viss type poesi er lyden og forma det vesentlege, ikkje innhaldet. Maradona sin diskurs er syntese, ikkje analyse, ifølgje den argentinske forfattaren Gustavo Bernstein, som ordlegg seg slik når han omtalar Maradona som Kristus:

«Maradona er Kristi like. Han er valt ut av Gud (eller kva han no blir kalla) for å sona vårt elende i sin kropp. Han forvandlar vatn til vin og fyller massane med gledesrus. Han aukar talet på brød og fiskar, og gir mat til eit folk som hungrar etter glede. Han får oss fri frå våre jordiske pinsler. Berre det at han er der, varslar om ein dag med åndeleg ekstase, ein flyktig augneblink i harmoni og lukke. Hans menneskekropp utfører ufattelege bragder.»

Mykje av dette går rett nok på Maradona som spelar, men ein del av det Bernstein omtalar, refererer også til det tragiske i det personlege livet og hans tale til folket gjennom media.

Massemedia er for Maradona som evangelia for Kristus, og gjennom desse media - eller medium, om ein vil - får vi vitnesbyrd etter vitnesbyrd på det han gjer og det han seier. Der Kristus nytta disiplar, profetar og andre religiøse medium for å spreia bodskapen sin, der nyttar Maradona disiplar, profetar og massemedia. Tilhengjarane roser han opp i skyene og ser berre dei gode kvalitetane, fiendane rakkar ned på han og fester seg ved den til tider brautande åtferda og det agelause livet han fører.

For tilhengjarane representerer Maradona det leikande, det tjuagutaktige, det irrasjonelle, det undertrykte, det forbodne, det ekstraordinære, med eit spel som er «rein poesi», ifølgje Maradona-biograf Jimmy Burns.

For fiendane står Maradona for det groteske, det umoralske, det pompøse, det ekstravagante, det overdimensjonerte, det vulgære og det syndefulle.

Maradona er dei fattige og utbytta sin mann. Det lèt seg ikkje gjera å førestilla seg ein Diego Armando Maradona frå overklassen, ikkje ein gong frå middelklassen. I det skitne Villa Fiorito i Buenos Aires-provinsen der Dieguito voks opp, var det til tider så utrygt at styresmaktene ikkje våga byggja ein politistasjon der.

«Mange skjemmest over å måtta innrømma at dei kjem frå slummen, men ikkje eg. Hadde eg ikkje vakse opp i fattigdom, hadde eg ikkje blitt Maradona», seier han sjølv, som vanleg utan å leggja band på seg.

Maradona er ein karismatisk figur i Sør, og for mange fattige er han, som Argentinas mytiske Evita, med Gud mot fattigdommen. Han er ein som folk kan identifisera seg med når han opponerer mot alt som luktar av makt: mot presidentar, mot fotballklubbeigarar, mot FIFA-president Blatter, mot den disiplinbaserte fotballen og mot undertrykking.

Utan omsyn til kva han finn på, er Diego helt i Sør og mellom dei fattige, like sikkert som han er skurk i Nord og mellom dei rike. Då Maradona ikkje fekk spela meir etter dopingavsløringa i fotball-VM i USA i 1994, truga ein folkemasse på 20000 med å setja byen Dhaka i Bangladesh i brann.

Diego Armando Maradona har hausta sine største triumfar når han har vore i outsider-rolla: som spelar i Argentinos Juniors, Boca Juniors og Napoli, og no som trenar for eit argentinsk landslag som ikkje ein gong argentinarane satsa pengar på før dette VM i Sør-Afrika. I Napoli gløymer ikkje folk at han på 1980-talet vann to ligatitlar med laget og såleis sette byen på det italienske fotballkartet, som hadde vore dominert av eit Nord-Italia som alltid hadde sett ned på og forakta «dei fattige i sør».

Som trenar er Maradona blitt mykje gjort til latter, spesielt i vår del av verda, og då med utgangspunkt i at han på midten av 1990-talet hadde to korte og mislukka trenaroppdrag, først for Mandiyú de Corrientes - eit lag som like etterpå gjekk konkurs - og dinest for Rácing de Avellaneda.

Tilhengjarane av den systemorienterte fotballen - i særleg grad dei med tilhald i Nord-Europa - har kritisert trenaren Maradona for å mangla organisatorisk talent og for å lia for mykje på instinktet, improvisasjonen og det kreative.

«System i galskapen?» spør Morten «P.» Pedersen på kommentarplass i Dagbladet 2. juli i år, og lèt det ikkje vera nokon tvil om at mannen er irrasjonell.

Spesielt i vår del av verda vert Maradona omtala i den grad han er eksentrisk og ikkje er til å fatta korkje i liv eller tale.

Målet Maradona heada i mål med «Guds hand» mot England i VM i 1986 symboliserer for mange eit opprør mot undertrykkjande normer, som held folkefleirtalet nede og vernar dei rike. For fotballpresteskapet i nord er det ikkje anna enn juks og fanteri.

Er det rart at Maradona på nytt er den store stjerna, spesielt i Sør?


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive