Sandmo-lecture med Torsten Persson måndag
Professor Torsten Persson frå Stockholms Universitet held måndag The Sandmo Lecture on Public Policy. Tysdag vert det seminar med Sandmo Junior Visiting Fellow, professor Mari Rege. In English
08.01.2010 - Hallvard Lyssand
Professor Persson er til dagleg leiar av Institute for International Economic Studies (IIES) ved universitet i Stockholm.
55-åringen er også Centennial Professor ved London School of Economics og har hatt gjestestillingar ved institusjonar som Harvard, Princeton og Berkeley.
Han er medlem av fleire vitskapsakademi, sit i komiteen for Nobelprisen i økonomi og har sjølv vunne prisar for arbeidet sitt.
Persson sine forskingsmessige hovudinteresser er politisk økonomi, makroøkonomi, internasjonal økonomi og offentleg økonomi.
Tittelen på Sandmo-føredraget hans er State Capacity, Conflict and Development.
Førelesing og gjestestipend
The Agnar Sandmo Lecture on Public Policy vart oppretta til ære for professor emeritus Agnar Sandmo i samband med 70-årsdagen hans i 2008.
Sandmo er rekna blant Noregs fremste økonomar og har gjeve viktige forskingsbidrag på ei rekkje felt.
Kvart år i januar vert ein internasjonal toppøkonom invitert til NHH for å halda Sandmo-førelesinga.
Tidlegare gjesteførelesarar er Princeton-professor Avinash K. Dixit (2008) og professor Hans-Werner Sinn frå Ludwig-Maximilians-universitet i München (2009).
I samband med etableringa av Sandmo-førelesinga vart det også oppretta eit gjestestipend for spesielt lovande forskarar under 40 år - The Sandmo Junior Visiting Fellowship in Public Policy.
Stipendmottakaren vert invitert til eit månadlangt opphald ved Institutt for samfunnsøkonomi i samband med Sandmo-førelesinga.
Seminar med Mari Rege tysdag
Årets stipendmottakar er økonomiprofessor Mari Rege (f. 1974) frå Universitet i Stavanger.
Tysdag held ho eit seminar med tittelen The Impact of Paternity Leave on Father Involvement.
Rege tok doktorgrad ved Universitet i Oslo i 2002 og arbeidde m.a. ved Case Western University og ved Statistisk sentralbyrå før ho vart tilsett ved UiS i 2006.
Då Rege vart utnemnd til professor i februar 2009 vart ho landets yngste økonomiprofessor.
The Agnar Sandmo Lecture on Public Policy
2010
State Capacity, Conflict and Development Professor Torsten Persson, The Institute for International Economic Studies, Stockholms Universitet
Dato: 11. januar
Tid: 12.15
Sted: Agnar Sandmos Auditorium
Seminar, Sandmo Junior Visiting Fellow 2010
The Impact of Paternity Leave on Father Involvement Professor Mari Rege, Universitetet i Stavanger
Dato: Tysdag 12. januar
Tid: 10.15-12.00
Stad: Aud. Karl Borch
|