Kvifor forblir svake statar svake?
Kva faktorar er det som hindrar såkalla svake statar i å utvikla seg og å styrka sin økonomiske og juridiske kapasitet? Kva insentiv har leiarar i verdas fattige og urolege land til å investera i styrking av staten? Dette er blant problemstillingane årets Sandmo-lecturer, professor Torsten Persson arbeider med. Han meiner økonomane i større grad bør henta impulsar frå andre samfunnsvitskapar for å forstå økonomisk vekst og utvikling.
13.01.2010 - Hallvard Lyssand
Blant verdas statar er det 20 til 30 som vert rekna som svært svake, eller regelrett mislukka.
Det tyder i praksis at styresmaktene ikkje er i stand til å oppretthalda lov og orden og økonomiske funksjonar, og heller ikkje å gje innbyggjarane grunnleggjande tenester og vern frå vald.
Konsekvensen er djup fattigdom og høg risiko for interne konfliktar og politisk vald.
Mange av landa som fyller definisjonen ligg i Afrika sør for Sahara og i det sørlege og sentrale Asia. Statar som vert rekna som heilt mislukka er Somalia, Den demokratiske republikken Kongo og Afghanistan.
Kva stansar statsbygging?
Professor Torsten Persson frå IIES heldt årets Sandmo Lecture on Public Policy ved NHH.
Men kvifor forblir mange svake statar svake? Kva økonomiske, politiske og institusjonelle faktorar hindrar statsbygging? Og kva faktorar fremjar slik utvikling?
Dette er nokre av dei sentrale spørsmåla i eit forskingsprogram under leiing av professor Torsten Persson frå Institute for International Economic Studies (IIES) ved Stockholms Universitet.
Blant måla med forskinga er å utvikla ny teori om politiske og økonomiske tilhøve knytt til statsbygging og konflikt, sett i relasjon til utvikling.
Måndag vitja Persson NHH for å halda 2010-utgåva av The Agnar Sandmo Lecture on Public Policy. Her presenterte han den pågåande forskinga under tittelen "State Capacity, Conflict and Development."
Statlege utviklingsinsentiv
I ein artikkel med same namn tek Persson og Timothy Besley frå London School of Economics utgangspunkt i at sviktande evne til å skaffa inntekter og å opparbeida juridisk infrastruktur er sentrale faktorar når ein skal forklarar kvifor svake statar forblir svake.
I artikkelen undersøker dei kva insentiv styresmakter har til å investera i utvikling av statens økonomiske og juridiske kapasitet (State Capacity).
Dette vert analysert i høve til nokre sentrale styrande faktorar for statsbygging - mellom anna faren for indre eller ytre konflikt, graden av politisk stabilitet og eit lands grad av avhengigheit av inntekter frå naturressursar.
State Capacity
"State Capacity" er eit sentralt omgrep for Persson og Besley. Dei hentar det frå andre greiner av samfunnsvitskapen, der det er hyppig nytta.
Omgrepet dekkjer i utgangspunktet statars evne til å skaffa seg inntekter, men Persson og Besley utvidar definisjonen til også å omfatta eit vidare spekter av kompetanse som statar tileignar seg gjennom utviklingsprosessar - til dømes evne til å støtta marknader gjennom regulering
- Må inn i økonomisk teori
I følgje Persson har økonomars analyser av statars økonomisk utvikling hatt ein tendens til å fokusera meir på marknadsøkonomien sin vekst enn statens ekspansjon, trass i at framvekst av sterke marknadsøkonomiar og sterke statar verkar å hengja svært tett saman.
Han meiner mykje forsking innan offentleg økonomi, utvikling og politisk økonomi har ignorert tilhøve knytt til "State capacity" eller teke dei for gitt, og at det er viktig at det utvida omgrepet vert inkorporert i etablert økonomisk teori.
Under gjesteforelesinga til måndag konkluderte professoren med at arbeidet han og Besley har utført, så langt berre er eit relativt enkelt teoretisk rammeverk, men at det representerer ei ny tilnærming til tilgjengelege data og er eit lovande utgangspunkt for djupare forståing av det komplekse tilhøvet mellom "State capacity", konflikt og utvikling.
Ei "Smithsk" vending
Professor emeritus Agnar Sandmo (t.v.) finn det interessant at Torsten Persson si forsking på økonomisk vekst inneber ei tilnærming til statsvitskap. Sandmo trur mange økonomar støttar ei slik utvikling.
- Torsten Persson si forklaring av økonomisk vekst gjennom vekt på institusjonar og politiske system bringer analysen av økonomisk vekst tilbake til Adam Smith. Smith hadde fokus på desse områda, medan moderne økonomisk teori i større grad har retta merksemda mot faktorar som teknologisk utvikling og investeringar, seier professor Agnar Sandmo.
- Persson kom med ein del kritiske merknader retta mot "mainstream" økonomisk teori. Korleis tolkar du desse utsegnene?
- Persson er jo sjølv definitivt ein representant for økonomifagets "mainstream." At hans forsking beveger seg i retning statsvitskapen er interessant, og eg trur det er mange innan økonomisk forsking som støttar ei slik utvikling og mogelegheitene det opnar for, seier Sandmo.
Artikkelen State Capacity, Conflict and Development er tilgjengeleg på Torsten Perssons heimeside
|