Solid billettsal for Uken

Storparten av Uken-programmet er no presentert, og billettsalet går svært bra.

09.02.2010 - Hallvard Lyssand


Medan programpostane under Uken for alvor byrjar å bli fylt opp, renn billettane ut.

Etter ein times billettsal måndag formiddag var 4000 billettar selde og 2000 reserverte, heiter det i ei pressemelding frå Uken. I alt er det lagt ut 10.000 billettar.

Øvst på plakaten tronar 50 Cent og G Unit. Den konserten vart utseld før jul.

Rapstjerna no fått programselskap av mellom andre boybandet A1, deLillos, Casio Kids, Thom Hell, Klovner i Kamp og Kråkesølv. Også fleire av desse konsertane er alt utselde.

Årets UKErevy har fått tittelen Amatør! og har premiere 4. mars.

I tillegg vert det spelt ein jubileumsrevy fredag 5. mars for å feira at UKErevyen er 30 år. Her lovar arrangørane gjensyn med gamle stjerner og klassiske nummer.

I tillegg til konsertar og revyar tilbyr Uken som vanleg ei rekkje arrangement frå barnedag til vinseminar.

Les meir om programmet og artistane på uken.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive