Få siste nytt om nybygget

Eksisterande bygningsmasse vd NHH og påbygg (Skisse: LinkSignatur)

Tysdag kan alle interesserte ved NHH, SNF og AFF få presentert ei oppdatering på planane for NHH sitt nybygg.

01.02.2010 - Hallvard Lyssand


Som tidlegare meld vert det halde informasjonsmøte om NHH sitt planlagde nybygg tysdag 2. februar frå klokka 12.15 i aud. Dag Coward.

Arbeidet med forprosjektet er no avslutta. Her har det m.a. kome innspel frå fire brukargrupper med representantar for tilsette og studentar.

- Brukarmedverknaden har vore langt meir omfattande i denne fasen enn på tidlegare stadium. No byrjar planane å bli detaljerte, samstundes som det vert færre høve til å gjera endringar, seier leiar for Administrativ og teknisk driftsavdeling, Erik Lundberg.

Presentasjonen tysdag er i regi av Statsbygg, som skal eiga bygget.

I tillegg til innhaldsmessige detaljar vil frammøtte på informasjonsmøtet blant anna få sjå korleis nybygget skal koplast på eksisterande bygningsmasse - noko som skal skje nettopp der delar av aud. Dag Coward ligg i dag.

Informasjonsmøte om NHH sitt nybygg
Dato:
Tysdag 2. februar 2010
Tid: 12.15
Stad: Aud. Dag Coward

Tomt for NHH-nybygg
Tilbygget som skal erstatta Merino skal etter planen bli ei søraustleg utviding av dagens byggingsmasse.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive