NHH Executive-overskot kjem fagmiljøa til gode

NHH Executive (Illustrasjon)

2009 vart eit nytt godt år for NHH Executive. Det er også godt nytt for fagmiljøa ved NHH, som får delar av overskotet.

19.02.2010 - Hallvard Lyssand


NHH Executive hadde ei omsetning på 36,8 mill. kroner i 2009, og fekk eit overskot på 8,3 mil. kroner.

Dermed føyer 2009 seg inn i ei rekkje av gode år for etter- og vidareutdanningsavdelinga med hovudbase i Merino. 2008-resultatet var på 7,7 mill. kroner, medan 2007 og 2006 enda med høvesvis 9,3 og 8,5 mill. kroner i overskot.

- Så kva er suksessformelen, professor og dekan for etter- og vidareutdanninga, William Brochs-Haukedal?

- Det sentrale er at NHH Executive tilbyr gode produkt som både det faglege miljøet og heile høgskulen står bak. Renommeet til NHH bidreg til at programma og kursa er lette å selja.

- Alle frå rektoratet via regnskapsavdeling til bibliotek, vaktmeistrar og resten av NHH-miljøet generelt stiller dessutan velviljug opp, og det trur eg er viktig for resultatet.

- I tillegg har NHHE ein "slank," men svært kompetent stab. Dei er få, men omsetninga er høg og det heile er svært effektivt, seier Brochs-Haukedal.

Forankring i fagmiljøa

William Brochs-Haukedal (Arkivfoto: Paul Sigve Amundsen)
Dekan for etter- og videreutdanning, professor William Brochs-Haukedal.
Foto: Paul Sigve Amundsen (Arkiv)

Overskot i NHHE kjem både NHH sentralt og fagmiljøa til gode.

- Det som i dag er NHHE sprang ut av kursverksemda ved NHH. Denne blei bygd om relativt radikalt på midten av 1990-talet, og då vart det klart at det var behov for forankra verksemda i fagstaben. Det vart ikkje tilsett fagpersonar i avdelinga, men nedfelt at delar av eit eventuelt overskot måtte tilfalla fagmiljøet, forklarar Brochs-Haukedal.

- NHHE skil seg ut ved å vera marknadsutsett, men avdelinga si verksemd vert rekneskapsført i NHH si ordinære drift, legg han til.

Verdifulle pengar

2009-overskotet vert fordelt med ca. 4,7 mill. kroner til NHH si ordinære drift og 3,6 mill. til fordeling mellom fagmiljøa.

- Det er litt ulike ordningar for fordeling av midlane. Delar av pengane går til institutta, medan resten vert fordelt på ulike program. Korleis midlane ver fordelt på faggruppene avhenger m.a. av kven som har bidrege med undervisning ved NHHE, seier dekanen.

- Uansett er dette veldig verdifulle pengar. Faggruppene bruker dei til alt frå grunnforsking og organisering av seminar og fagkonferansar til kjøp av bøker og programvare, konkluderer han.

Framleis spent

Som kjent har verdsøkonomien vore temmeleg turbulent dei siste åra. Førebels har det likevel ikkje råka etterspurnaden etter etter- og vidareutdanning.

- Det er likevel for tidleg å konkludera med at krisa ikkje vil få utslag for oss. Vi er framleis spente på utviklinga, seier Brochs-Haukedal, men minnar samstundes om at historia syner at mange nyttar krisetider nettopp til å skaffa seg ny kunnskap.

NHH Executive tilbyr ulike Executive MBA-studium, m.a. strategisk leiing og økonomisk styring og leiing.

Andre studium på same nivå er Autorisert finansanalytikerstudium (AFA) og Kraftanalytikerstudiet.

Det vert dessutan arrangert ulike kveldskurs i økonomi og administrasjon. I 2009 deltok ca. 800 personar på slike kurs.

NHHE har også ansvar for bedriftsinterne program. I 2009 har det m.a. blitt gjennomført program for DnBNOR og Skagenfondene.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive