Måtte fyra opp oljefyren

Oljefyrt kjel (Foto: Hallvard Lyssand)

Dei som trudde NHH hadde fått den siste olje må tru om att. For første gong på fleire år har høgskulen måtta ta i bruk oljefyren til oppvarming. Den tørre, kalde vinteren er ein sentral del av forklaringa.

25.02.2010 - Hallvard Lyssand


Observante Paraplyen-lesarar har merkt seg at ein oljetankbil nyleg avla NHH ein lenger lossingsvisitt.

Leiar for administrativ og teknisk driftsavdeling, Erik Lundberg stadfestar at høgskulen sin oljefyr er sett i drift.

- Vi har i fleire år unngått å nytta oljefyring til oppvarming i bygningane her oppe, og har i staden satsa på straum. Det har vi kunna gjera fordi vi har to elektrokjelar som dekkjer oppvarmingsbehova sjølv i kuldeperiodar, seier han.

Utkoplingsklausul

Fyringsoljeleveranse (MMS-foto: Asle Haukaas)
NHH har i fleire år blitt oppvarma med elektrokjelar, men no er av ulike årsaker oljefyren kopla inn. Denne veka kom det leveranse av fyringsolje.
Foto: Asle Haukaas

Bruken av elektrokjelane er likevel styrt av reglar om utkopling.

- I særlege tilfelle kan BKK kopla ut kjelane, og då koplar oljefyren automatisk inn, fortel Lundberg.

Å få levert straum med slik utkoplingsklausul har periodevis vore temmeleg gunstig prismessig.

Dyrare straum

Men i år har det oppstått eit "særleg tilfelle".

Tørr vinter tyder lite vatn i magasina. Dermed vert det mindre kraft tilgjengeleg og straumprisane stig.

- Vi fekk varsel om utkopling av elektrokjelane i førre veke, og fredag starta vi oljefyren, seier Lundberg.

- Reint miljømessig er vi ikkje særleg glade for å bruka olje. Det er ei av årsakene til at vi har unngått å bruka oljefyren.

- At vi har hatt gode straumprisar har også spelt inn, men når den klausulerte kraftleveransen fell bort er i augneblinken olje eit billegare alternativ, held han fram.


Oljefyrt kjel (Foto: Hallvard Lyssand)
Den oljefyrte kjelen til NHH.

Frå 2012 vil det ikkje lenger vera høve til å inngå avtalar om kraft med utkoplingsklausul. NVE har avgjort at ordninga skal opphøyra.

Sett i heilårsperspektiv er det ikkje oppvarming som krev mest straum.

- Av eit totalforbruk på 5,6 GWh gjekk 2,2 GWh til oppvarming, seier Lundberg, og understrekar at det gjeld hovudbygningane og Paviljongen.

- Vi må også betala for oppvarminga av Merino-bygget, og der har vi ikkje noko alternativ til olje. Men olja vi nyttar der er i det minste svovelfri, sluttar han.


Elkjelar (Foto: Hallcvard Lyssand)
Desse to elkjelane har lenge sytt for oppvarminga på NHH, men er no kopla ut grunna dei rådande krafttilhøva.
Snørydding på Aulataket (Foto: Hallvard Lyssand)
Det finst fleire oppvarmingsalternativ når vinteren verkeleg sett inn. Snørydding med handkraft er definitivt eitt av dei. Onsdag var fleire snøryddarar i sving på taket av Aulaen.
Foto: Hallvard Lyssand

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive