Siste styremøte i 2010

NHH (Foto: Hallvard Lyssand)

Budsjettprioriteringar for 2011, risikovurderingar og støtte til forsking var nokre hovudtema då NHH-styret onsdag var samla for siste gong dette året.

20.12.2010 - Asle Haukaas


Styret hadde eit effektivt møte med vekt på strategiske diskusjonar etter innleiande presentasjonar av Institutt for samfunnsøkonomi og av AFF.

I sitt andre styremøte som saksframleggar la administrerande direktør Ole Hope fram eit vesentleg kortare og meir strategisk retta budsjettdokument for 2011 enn tidlegare år.

Økonomisjef Klas Rønning presenterte budsjettet inndelt etter føremål, dei samla finansieringskjeldene til institutta og det langsiktige fokuset for å støtte opp om drift og infrastruktur for forsking, undervising og formidling.

Hope understreka at administrasjonen vil vidareutvikle budsjettprosessen i strategisk retning ved å knytte tettare samen føremålsbudsjettering og risikoanalysar med implementering av strategi.

Styret vedtok budsjettet med et tillegg som gir rektor og adm.dir. fullmakt til å anvende inntil 1 mill. kroner utover budsjettforslagets ramme til ekstraordinære forskingsretta tiltak i jubileumsåret. For øvrig vart budsjettet vedtatt som framlagt.

NHH-styret 2009-2013 (Arkivfoto: Helge Skodvin)
NHH-styret hadde sitt siste møte for året onsdag 15. desember.
Foto: Helge Skodvin/arkiv

Fleire masterstudentar

Styret ønskjer fleire internasjonale masterstudentar kommande studieår. Programutvalet for masterutdanninga fekk fullmakt til å fastsette endeleg opptak med føringar om å auke den samla produksjonen av studiepoeng på master i samsvar med de nye studieplassene NHH er tilført i statsbudsjettet for 2011 og auke talet på studentar frå utlandet.

Det vart vedteke ei opptaksramme på 430-450 studentar på bachelorstudiet.

Vidare vedtok styret å vidareføra karriererettleiing for NHH-studentar i samarbeid med SiB sitt karrieresenter. Ein skal òg vurdere aktuelle supplement til dette, og særleg utrede korleis ein kan styrke rettleiing om internasjonal karriere.

Eit forslag om å endra forskrifta for translatøreksamen vart vedteke i samsvar med framlegget.

Omlegging av risikovurdering

Arbeidet med risikoanalysar i administrasjonen vart teke til etterretning. Administrerande direktør ønskjer å legge om denne prosessen slik at han inngår tettare i det strategiske arbeidet og budsjettarbeidet.

Konkrete risikoanalysar vil då bli gjort etter strategiseminaret til styret til våren, men forut for budsjettprosessen til hausten slik at styret sine prioriteringar frå strategi- og risikovurderingane tas vidare i budsjettet.

Styret tok til etterretning status for arbeidet med sjølvevalueringsrapporten som skal oversendast akkrediteringskomiteen for EQUIS i god tid forut for vitjinga av komiteen i mars 2011.

Det vart også gjeve orienteringar om status for beredskapsarbeidet ved NHH, for den interne nettbaserte portalen og for arbeidet med 75-årsjubileet.

Direktøren gav dessutan ei løypemelding om arbeidet med administrativ organisering og varsla ein styresak om dette i løpet av 2011.

To presentasjonar

Innleiinga til styremøtet var ein presentasjon av samfunnsøkonomi. Instituttleiar Øystein Thøgersen fortalde at instituttet har satt seg eit høgt mål om å vere blant dei beste i Europa med ein klar definisjon av kva ein legg i det.

Han peikte på at instituttet alt er der innanfor nokre forskingsområde, takk vere langsiktig arbeid i gode forskargrupper over mange år, medan andre område aspirerer til å kome dit.

Med omsyn til undervisning har ein starta med det øvste nivået, og lagt om doktorgradsundervisninga etter tilsvarande høge mål.

Administrerande direktør Mai Vik presenterte verksemda ved AFF med vekt på samarbeidet og historia dei har felles med NHH.

Ho synte til tette band og konkret samarbeid med høgskulen, og ønska seg endå meir formalisert samarbeid i jubileumsgåve når AFF feirar 60 år i 2012.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive