Ledig stilling som førstekonsulent

Studieadministrasjonen, NHH (Foto: Hallvard Lyssand)

Ved NHH er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent knytt til studieadministrasjonen.

17.12.2010 - Red.


Stillinga vil mellom anna omfatte følgjande:

• Saksbehandlaransvar for programutvalet for doktorgradsutdanninga, mellom anna utreiingsarbeid, førebuing og oppfølging av saker til programutvalet samt undersøkingar av ulike sider knytt til programmet
• Administrativ støttefunksjon for dekanen for doktorgradsutdanninga
• Ulike oppgåver knytt til administrasjon av doktorgradsutdanninga (m.a. opptak, registrering, analyse og rapportering)
• Generelle studieadministrative arbeidsoppgåver som rettleiing, saksbehandling og informasjon

For stillinga er det krav om høgare utdanning tilsvarande minimum bachelorgrad. Mastergrad er ønskeleg. Vidare vil personar med relevant arbeidserfaring og god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren verte prioriterte. Det er særleg ein fordel med erfaring innan saksbehandling og tekstproduksjon/ utreiingsarbeid.

Det krev at ein meistrar IT i arbeidssituasjonen.

Stillinga inneber nært samarbeid med dekanar, og kontakt med studentar, fagstab og andre medarbeidarar i administrasjonen.

Vi søkjer ein person som kan arbeide både sjølvstendig og i team, og som er effektiv, analytisk og fleksibel, med utprega serviceinnstilling. Meget gode evner til å uttrykkje seg godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk, er ein føresetnad.

Stillinga har kode 1408 - førstekonsulent og vert lønna etter statens regulativ i LR 21, ltr. 40-50, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna vert det trekt 2% som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppfordra til å søkje.

Ver merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar har bede om å verte tatt vekk frå søkjarlista. Søkjar vil verte orientert om dette på førehand.

Nærare informasjon om stillinga kan ein få ved å kontakte studiesjef Kjersti Berg Danilova, tlf 55 95 92 15, eller kontorsjef Kjetil Sudmann Larssen, tlf 55 95 97 15.

Søk stillinga på www.nhh.no/stilling innan 08.01.11.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive