Kydland og Prescott - the Movie

Filminnspeling Økonomiprisen (Arkivfoto: Hallvard Lyssand)

I mars i fjor var eit kontor I Merinobygget kulisse under innspelinga av scener til ein undervisningsfilm om arbeidet som sikra Finn E. Kydland og Edward C. Prescott Nobelprisen i økonomi. No er denne og tilsvarande filmar tilgjengelege på nett.

12.04.2010 - Hallvard Lyssand


Midt på 1970-talet sat Finn E. Kydland og Edward C. Prescott på NHH og forska innan dynamisk makroøkonomisk teori. I 2004 vart dette arbeidet løna med Sveriges Riksbanks Pris i Økonomisk Vitenskap til minne om Alfred Nobel, betre kjent som Nobelprisen i økonomi.

I fjor vår var eit lite team frå produksjonsselskapet Snøball Film AS og tre skodespelarar på plass i Merinobygget for å gjenskapa litt av stemninga som rådde då Kydland og Prescott arbeidde med teoriane sine i seine kveldstimar.

Les Paraplyen-saka om filminnspelinga i Merino frå mars 2009

På oppdrag frå Finansmarkedsfondet har Snøball Film laga sju korte undervisingsfilmar som presenterer økonomiske teoriar som er blitt løna med Nobelprisen.

Filmane tek for seg vinnarane frå perioden 2004 til 2009, samt arbeida til dei tidlegare norske vinnarane Ragnar Frisch (1969) og Trygve Haavelmo (1989).

Alle filmane er å finna på samfunnsokonomi.no. Nettsida er oppretta i regi av Finansmarkedsfondet, og formålet er å formidla samfunnsøkonomiske problemstillingar på ein lettfatteleg måte til ålmenta, studentar og lærarar innan økonomiske fag.

Sjå Kydland/Prescott-filmen (inkludert ekspertkommentarar frå professor Rolf Jens Brunstad ved Institutt for samfunnsøkonomi).

Sjå oversikt over dei resterande økonomiprisfilmane


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive