Vertskap for forsikringskonferanse

Egrie-logo

NHH er i desse dagar vertskap for organisasjonen EGRIE sin 36. årlege konferanse innan forsikringsøkonomi. In English

22.09.2009 - Hallvard Lyssand


European Group of Risk and Insurance Economists (EGRIE) er ein organisasjon som arbeider med å fremja forsking innan risiko og forsikring.

EGRIE vart opprinneleg oppretta i 1973 av den Genève-baserte forsikringstenketanken International Association for the Study of Insurance Economics - betre kjent som The Geneva Association.

Professor Svein-Arne Persson (foto: Hallvard Lyssand)
Professor Svein-Arne Persson frå Institutt for foretaksøkonomi.

Første bergensbesøk

Frå måndag til og med onsdag denne veka finn EGRIEs 36. årlege seminar stad ved NHH.

- I alt er det 66 deltakarar, og det vert presentert ca. 30 papers innan forsikringsøkonomi, fortel den lokalt hovudansvarlege for konferansen, professor Svein-Arne Persson frå Institutt for foretaksøkonomi.

- Det er første gang denne konferansen vert arrangert i Bergen. Men tidlegare NHH-professor Karl Borch var veldig aktiv i organisasjonen i fleire år, og mange av deltakarane tykkjer det er gøy å vitja Borch sin institusjon og å få presentera arbeid i auditoriet som er oppkalla etter han, smiler Persson.

Tett kopling

Eit stort fleirtal av konferansedeltakarane har akademisk bakgrunn, men arbeidsstad varierer mellom forsking og sjølve forsikringsbransjen.

- Forsikring er eit område der det er tett kopling mellom næring og akademia, og påverkinga går begge vegar. Forskinga vert påverka av utvikling i bransjen, og bransjen gjer seg nytte av forskingsmessige funn, seier Persson.

For sin eigen del kan han konstatera at det alt har blitt nokre faglege aha-opplevingar under konferansen - blant anna då NHH-professor Agnar Sandmo heldt årets Geneva Risk Economics Lecture måndag under tittelen "Uncertainty in the Theory of Public Finance."

- Sandmo sitt innlegg var strålande og relevant både i høve arbeid eg sjølv er i gang med og i høve til andre innlegg på konferanse, seier Persson.

EGRIE-konferansen held fram til onsdag ettermiddag.

Les meir og sjå fullt program på konferansen sine nettsider på nhh.no

EGRIE sine heimesider



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive