Seminarstart for CEMS-studenter

CEMS Blocked seminar (Foto: Tor Aase Johannessen)

Om lag 40 CEMS-studentar frå ei rekkje land skal tilbringa haustsemesteret ved NHH, og som alltid byrja opphaldet deira med eit såkalla "Blocked seminar." In English

02.09.2009 - Red.


Årets seminar hadde fått tittelen "Innovation and climate changes." Første modul vart arranget ved NHH sist måndag.

NHH-professor Gunnar Eskeland og Førsteamanuensis ved UiB, Knut Krzywinski gav relativt ulike skildringar av klimaet sin tilstand i augneblinken, og gav dermed ein høgst plausibel forklaring på kvifor oppfatningane om klimaendringar er så ulike blant folk flest.

Seminaret sin andre modul fann stad på Voss. Her vart industriens synspunkt og strategiar presentert av store aktørar som Shell og StatoilHydro.

- Selskapa sine presentasjonar skapte mykje debatt blant studentane, fortel Tor Aase Johannessen, som er CEMS Academic Director ved NHH.

Som seminartemaet indikerer vart både intern og ekstern innovasjon diskutert.

- Det siste selskapet som deltok - Aanderaa Data - gav ein utmerkt demonstrasjon av korleis klimaendringar kan overvakast med svært høg nøyaktigheit. Selskapet er eit typisk døme på ein litt ukjent "kvardagshelt", og dei leverer utstyr for klimaovervaking til ei rekkje verdskjente selskap, seier Johannessen.

CEMS-seminarets tredje og avsluttande modul var ein heimeeksamen.

CEMS Blocked seminar (Foto: Tor Aase Johannessen)
Ein av dei tre modulane i CEMS seminaret føregjekk på Voss.
Foto: Tor Aase Johannessen

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive