På administrasjonsutveksling

Staff exchange (Foto: Norunn Økland)

Gjesteopphald ved utanlandske læreinstitusjonar er ikkje reservert for forskarar og studentar. Denne veka har sju administrativt tilsette frå business-skular i Hellas, Polen og Austerrike vitja NHH og fått innføring i korleis høgskulen løyser sine oppgåver på ei rekkje område.

11.09.2009 - Hallvard Lyssand


To representantar frå Athens School of Economics and Business Administration, fire frå Warsaw School of Economics og ei frå Wirtschaftsuniversität Wien har vore på vitjing ved NHH den siste veka.

Gjestene er på "staff exchange" for administrativt personale gjennom eit opplegg for såkalla tilsettmobilitet innanfor Erasmus-programmet - EU sitt program for samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Europa.

Ope for alle

I Noreg vert tilbodet styrt av Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU). Det kan nyttast av alle typar tilsette ved høgare utdanningsinstitusjonar innanfor gitte rammer.

Opphaldet skal t.d. vara i minimum ei veke, maksimalt seks veker, og det må liggja føre ein arbeidsplan som er godkjent av både utsendar- og mottakarinstitusjonen.

- Målet er at dei som dreg på slik utveksling skal tileigna seg kunnskap frå lærestaden dei vitjar som kan vera til nytte i deira eigen arbeidssituasjon ved heimeinstitusjonen, forklarar Nina Hagen ved Internasjonalt kontor.

Breitt og skreddarsydd

Etter det Hagen veit har ingen administrativt tilsette ved NHH nytta tilbodet førebels, men høgskulen har alt motteke fleire gjestande delegasjonar.

- Før ferien tok vi imot tilsette ved dei internasjonale kontora ved HU Berlin og University of Pisa på staff exchange, og denne veka er det altså representantar frå Wien, Athen og Warszawa som er på besøk, fortel ho.

Deltakarane i den sistnemnde delegasjonen arbeider på ei rekkje ulike administrative område ved sine respektive institusjonar, frå rektorstab og fakultetsadministrasjonar til kommunikasjons-avdelingar og juridiske avdelingar.

Dei har vore gjennom eit omfattande program sett saman av både generelle presentasjonar om alt frå norsk økonomi og politikk til organisering og drift av NHH og NHHS, samt meir skreddarsydde opplegg tilknytt dei einskilde deltakarane sine fagområde.

- Både fagstab, administrativt tilsette og NHHS har vore svært positive og stilt opp når vi har bede dei om å halda føredrag, og tilbakemeldingane frå gjestene er svært god, seier Nina Hagen.

Les meir om tilsettmobilitet på SIU sine nettsider

NHH-tilsette som vil veta meir om mogelegheitene for utveksling kan også venda seg til Internasjonalt kontor.

Staff exchange (Foto: Norunn Økland)
Representantar frå Athens School of Economics and Business Administration, Warsaw School of Economics og Wirtschaftsuniversität Wien har vore på staff exchange ved NHH den siste veka. Her er dei saman med Nina Hagen frå Internasjonalt kontor (framme til høgre).
Foto: Norunn Økland
Staff exchaneg (Foto: Hallvard Lyssand)
Skreddarsydd: Gjestane som er på administrativ utveksling har fått både generelle presentasjonar og meir skreddarsydde opplegg knytte til deira spesifikke fagområde. Torsdag gav t.d. Knut S. Roald og Marit Høisæter (t.v.) Alicja Ogloblin og Joanna Obiegalka ved Warsaw School of Economics ei innføring i arbeidet med juridiske problemstillingar ved NHH.
Foto: Hallvard Lyssand

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive