Nettnografisk online-undervisning

Robert V. Kozinets, remote lecture (Foto: Hallvard Lyssand)

Når temaet for eit kurs er studiar av ulike forbrukargrupper online, er det sjølvsagt høgst passande at gjesteførelesingar skjer via internett.

28.09.2009 - Hallvard Lyssand


- Good morning, Ingeborg. Or, good afternoon to you!

Klokka er 14.40 Helleveien-tid, men for dagens gjesteførelesar i auditorium Karl Borch er klokka 08.40 om morgonen.

Associate Professor of Marketing Robert V. Kozinets befinn seg ved York University i Toronto og openbarar seg via videokonferanseutstyr for ca. 70 NHH-studentar frå SOL-kurset Voa018.

Kurset ber tittelen Exploring Online Consumer Communities, og med ei slikt tema skulle det kanskje berre mangla at ei gjesteførelesning finn stad online.

- It's a pleasure to be virtually be in Bergen again, fastslår Kozinets, som tidlegare har vitja NHH på meir fysisk vis.

Ingeborg A. Kleppe
Førsteamanuensis Ingeborg Astrid Kleppe frå SOL har ansvaret for kurset Exploring Online Consumer Communities.

Studerer sosiale medier

Hovedfokus for kurset er studiar av nettbaserte forbrukargrupper og sosiale medier av ulike slag. Frå eit marknadsføringsperspektiv er målet å få meir innsikt i korleis medlemmene av slike grupper kommuniserer og samhandlar online.

- Studentane har vald seg ulike consumer communities som dei ser nærare på, fortel førsteamanuensis Ingeborg A. Kleppe, som har ansvaret for kurset.

Utvalet varierer frå couchsurfing-grupper, der folk som skal på reise kan få kontakt med folk som er viljuge til å låna ut ein gratis sofa til overnatting, til studiar av Pirate Bay og ulike fansider for fotballklubben Barcelona.

Utfordrande og innovativt

- Studentgruppene får stort ansvar for å utforma og utvikla eigne prosjekt, og det er definitivt utfordrande for dei, seier Kleppe.

- Samstundes er dette "sosiale medier-generasjonen." Dei er vakse opp med ulike typar nettsamfunn, og er "social media literate" - dei kan kodane og snakkar språket som blir brukt. Det stiller store krav til oss som lærarar, og at vi tilbyr kurs som er innovative både tematisk og metodisk, og for den del teknisk, legg ho til.

Eit døme på det siste er altså å arrangera gjesteførelesing tvers over Atlanteren.

- Vi har gjort dette ein gong før, men ikkje med så mykje som 70 studentar til stades, seier Kleppe.

Ho vedgår at dei reint tekniske sidene av saka er litt nerveslitande, og utstyrstrøbbel i forkant har ikkje gjort saka betre. Men Roy Myklebust frå Teknisk driftsavdeling er på plass for å styra teknikken, og utover litt innleiande feedback i Kanada-enden glir tovegskommunikasjonen mellom Toronto og Breiviken temmeleg smertefritt.



Robert V. Kozinets
Robert V. Kozinets er verdsleiande innan forsking på nettsamfunn og sosiale media. Sist veke føreleste han for bachelorstudentar på SOL via nettet.

Nettnografen

Gjesteførelesar Robert V. Kozinets var tidleg ute med forsking på nettbaserte forbrukargrupper og sosiale medium.

Han byrja å sjå nærare på denne typen fenomen midt på 1990-talet, då internettbruk for alvor var i ferd med å bli ei massefenomen, og skreiv doktorgradsavhandling om nettbaserte fansamfunn for film- og TV-serien Star Trek.

Hovedtemaet for førelesinga er Netnography, eit omgrep innført av Kozinets. Termen er ein kombinasjon av orda internett og etnografi, og illustrerer at forskinga dreier seg om å adoptera etnografisk metode i studiar av ulike nettfenomen og kommunikasjon og kulturbygging via nettet.

- Etnografi baserer seg på feltstudiar og medverknad for å forstå ulike kulturar og samfunn, og netnografi er også i høg grad basert på deltaking, seier Kozinets.

Men kvar skal ein eigentleg delta om ein vil henga med som brukar, marknadsførar eller forskar? Kozinets konstaterer at ting endrar seg fort i nettverda.

- Web 2.0 er så 2008. I 2009 er det sosiale media som gjeld. Og i 2010 kjem det til å vera noko anna, seier han.

Grunnforsking

I augneblinken er det likevel "brand communities" og sosiale media som gjeld.

I tråd både med sitt eige metodiske mantra om deltaking og eldgamle forelesingstriks involverer Kozinets studentane ved å stilla grunnleggande spørsmål til salen: Kor mange menneske har eigentleg internett-tilgang?

- Svaret er truleg ca. 1,5 milliardar, og det er venta å stiga til to milliardar ganske fort. Men sjølv om nettbruken veks er det framleis 78 prosent av verdas befolkning som ikkje er på nett, seier Kozinets.

Som vanleg bidreg vekst i Kina substansielt til veksten på verdsbasis, og mandarin kinesisk er no språk nummer ein på nett, ifølge Kozinets.

Når det gjeld er det sosiale media er det antatt at ca. 500 millionar menneske deltek, og talet er veksande.

Det tek det kanskje for gitt, men det kom ikkje ut av intet, fastslår Kozinets, før han vender merksemda mot det forskingsmessige grunnfjellet i prosjekta til bachelor-studentane frå SOL:

- What kind of research questions are you asking?

Treng utvikling

Etter fjernførelesinga er Kleppe godt nøgd.

- Interaksjonen mellom Kozinets og studentane vart til dømes svært god etterkvart, fastslår ho.

Kleppe meiner det er viktig å utvikla undervisningstilbodet både innhaldsmessig og metodisk i tråd med utviklinga på andre samfunnsområde.

- Dette kurset blir stadig meir populært og talet på studentar har vakse raskt. Dei kjem frå heile verda og dei høyrer til nettgenerasjonen, og då er det vesentleg at vi er innovative og tilbyr kurs som er oppdaterte og har internasjonalt tilsnitt, fastslår ho.


Remote Lecture, Online Consumer Groups
Videokonferanseutstyr gjer det mogeleg med augekontakt og tovegskommunikasjon mellom 70 studentar i Karl Borch auditorium og ein førelesar eit verdshav og fleire tidssonar unna. Robert V. Kozinets føreles, medan Ingeborg Kleppe konfererer med teknisk ansvarleg i NHH-enden, Roy Myklebust.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive