Sjømatnyttig marknadskompetanse

Markedskompetanse for norsk sjømatnæring (Foto: Hallvard Lyssand)

For tredje år på rad har 29 representantar frå sjømatnæringa gjennomført vidareutdanning i strategi og marknadskompetanse i regi av NHH Executive og Innovasjon Norge. Fredag vart programdeltakarane grilla i ein avsluttande "disputas."

30.11.2009 - Hallvard Lyssand


Markedskompetanse for norsk sjømatnæring er eit tilbod utvikla i samarbeid mellom Innovasjon Norge og NHH, og er ein del av Innovasjon Norge sitt overordna program Marint Verdiskapningsprogram.

Målgruppa er nøkkelpersonar frå heile spekteret av sjømatverksemder, og målet er å styrka næringa sine kunnskapar innan strategi og marknadsretting, og dermed bidra til auka verdiskaping og lønsemd.

Årets 29 programdeltakarar har vore samla i intensive to-tredagars bolkar fem gongar i løpet av året. Bolkane har m.a. omfatta førelesingar både av ei rekkje NHH/SNF-forskarar og folk frå næringslivet.

Mellom samlingane har dei arbeidd med prosjektoppgåver der dei har fått høve til å bruka teoretisk kunnskap og analyseverktøy i praksis retta mot si eiga verksemd.

Oppgåveforsvar

Tore Hillestad
Førsteamanuensis Tore Hillestad frå SOL var blant opponentane då årets kull frå sjømatnæringa skulle forsvara prosjektoppgåvene sine.

Fredag var deltakarane samla på NHH for å avslutta programmet ved å presentera prosjektarbeida sine og forsvara dei i ein "disputas" framfor dei andre programdeltakarane, samt representantar frå Innovasjon Norge og Fiskeridepartementet.

Mykje av arbeidet i programmet har føregått i mindre grupper sett saman av folk frå høgst ulike delar av næringa.

Første gruppe i elden fredag bestod til dømes av Erling Kvale frå hermetikkprodusenten King Oscar, Bjørg Alvestad, som arbeider med marknadsføring og sal av slow food-merka tørrfisk frå Sørvær, Asbjørn Stensvold frå oppdrettsselskapet Norway Royal Salmon og Øyvind Arne Jensen frå Eksportutvalget for fisk.

Dei presenterte sine bedrifter og nokre av utfordringane dei står overfor, før opponenten - førsteamanuensis Tore Hillestad frå Institutt for strategi og ledelse - fekk sleppa til.

Han grilla gruppemedlemene både med generelle spørsmål om korleis dei kan utnytta ulike analyseverktøy og modellar til å posisjonera seg i sine marknader, og høgst konkrete og aktuelle problemstillingar om alt frå lakselus til hylleplass for ulike hermetikkprodukt.

Hillestad sa seg etter kvart godt nøgd med gruppe ein, både i høve prosjektarbeida og svara på spørsmåla han stilte.


- Veldig matnyttig

Bjørg Alvestad
Bjørg Alvestad arbeider til dagleg med tørrfisk frå Sørvær. Ho var godt nøgd med utbytet av programmet.

Med den avsluttande disputasen bak seg var deltakar Bjørg Alvestad godt nøgd med utbytet av programmet.

- Tilliks med dei andre deltakarane har eg utdanning frå før, og melde meg på programmet for å få fagleg påfyll. Programmet har synt seg å vera svært matnyttig, og eg har lært mykje, seier Alvestad.

Ho påpeikar at omgrepet "sjømatnæringa" famnar svært vidt på fleire måtar. Blant dei fire medlemene i hennar gruppe gjekk det produktmessige spennet frå oppdrettslaks via tørrfisk til sardiner på boks, og det geografiske spennet frå Finnmark til Portugal.

- Ved å koma saman på denne måten kan vi også læra av kvarandre, sluttar ho.


Blir anbefalt

Henry Bjånesøy
Henry Bjånesøy er programdirektør for Markedskompetanse for norsk sjømatnæring.

Programdirektør Henry Bjånesø fortel at eit av siktemåla med programmet er å få fleire av aktørane i sjømatnæringa lenger ut i verdikjeda enn dei har hatt for vane ved å få dei til å tenke vidareforedling og merkebygging.

- Samstundes bidreg programmet til nettverksbygging og til at folk frå ulike næringar kan læra av kvarandre, seier han.

Bjånesøy opplyser at tilbakemeldingane frå deltakarane er svært positive, og at anbefalingar frå tidligare deltakarar har synt seg å vera viktig for rekrutteringa av nye kull.

Les meir om Markedskompentanse for norsk sjømatnæring hos NHH Executive og Innovasjon Norge



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive