Hugs fristen for forslag til styrekandidatar
Tysdag 14. april er siste frist for å koma med forslag til kandidatar til styrevalet i byrjinga av mai.
01.04.2009 - Hallvard Lyssand
5. og 6. mai skal det veljast representantar til styret ved NHH. Alle som har røysterett innanfor ei av gruppene av tilsette kan koma med forslag til kandidatar innanfor si gruppe.
Fristen er tysdag 14. april. Valstyret minner om at dette er første tysdag etter påskeferien, og oppmodar potensielle forslagsstillarar om å ikkje venta for lenge med å utarbeida forslag.
For gruppa fast tilsette i forskings- og undervisningsstillingar skal det veljast to faste styrerepresentantar og fem varafolk. Det er krav om kjønnsbalanse, og forslag til faste representantar må derfor omfatta ein kandidat av kvart kjønn. Varalista må ha minst to av kvart kjønn.
For kvar av gruppene mellombels tilsette i forskar- og undervisningsstilling og teknisk og administrativt tilsette skal det veljast ein fast representant og tre varamedlemmer. På varalistene må det vera minst ein representant av kvart kjønn.
Forslag til kandidatar kan sendast skriftleg eller på e-post til valstyret ved sekretær Knut S. Roald innan 14. april.
Manntalsliste
Les meir om vårens ulike val i tidlegare sak på Paraplyen
|