Klatrar på Financial Times-rangering

NHH

NHH og AFF klatrar på Financial Times si rangering av opne etter- og vidareutdannings-program, og er best av dei nordiske handelshøgskulane i kategorien. Både NHH-rektor Jan I. Haaland og AFF-direktør Mai Vik er godt nøgde med resultatet.

11.05.2009 - Hallvard Lyssand


Financial Times presenterer kvart år det dei vurderer som dei beste etterutdanningsprogramma ved handelshøgskular over heile verda.

Rangeringa har kategoriane "opne vidareutdanningsprogram" og "bedriftsinterne program."

I førstnemnte kategori kjem NHH/AFF på ein 44. plass av 55 på årets ranking. Det er fem plassar opp frå i fjor, og framfor både Stockholm School of Economics (48) og Helsinki School of Economics (46).

Topp tre i kategorien er høvesvis Harvard Business School, University of Virginia og IMD i Sveits.


Rektor Jan I. Haaland Arkivfoto
Rektor Jan I. Haaland.
Foto: Arkiv

Nøgde

For NHH/AFF sin del utgjer vidareutdanning i føretaksfinansiering, Solstrandprogrammet og AFF Yngre ledere grunnlaget for rangeringa.

Både rektor Jan I. Haaland og AFF-direktør Mai Vik er nøgde med resultatet.

- Vi er svært nøgd med å gjera det så godt, og det er spesielt hyggjeleg at vi skårar høgt på område som kursopplegg og måloppnåing, seier Haaland i ei pressemelding.

- Dette er ei stadfesting av vår posisjon som ein av Europas beste leiarutdanningar, supplerer Vik.


AFF-direktør Mai Vik Arkivfoto: Eivind Senneset
AFF-direktør Mai Vik.
Foto: Eivind Senneset/arkiv

Første gong

NHH/AFF er i år for første gong med på lista over dei beste bedriftsinterne programma.

Her kjem NHH/AFF på 61. plass av 65, og skårar godt på måloppnåing og at deltakarane føler at dei får mykje for pengane.

På denne lista er Stockholm nr. 22, Helsinki nr. 53 og BI nr.58.

Listetoppen består av Duke Corporate Education, HEC Paris og Harvard Business School.

Harvard toppar

Med ein første og ein tredjeplass toppar Harvard lista over dei 45 beste skulane totalt.

Sveitsiske IMD sikrar Europa ein andreplass, medan Duke University Fuqua & Corporate Education er på tredje.

På topp 45-lista er Stockholm School of Economics nr 34 og Helsinki nr. 42.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive