Vonar å ha nybygg klart hausten 2012

Tomt for NHH-nybygg

Om alle prosessar går etter planen kan eit ca. 13000 kvm stort nybygg stå klart ein gong i løpet av hausten 2012.

08.06.2009 - Hallvard Lyssand


Per i dag leiger NHH store areal i Merinobygget, men sidan 2004 er det arbeidd med planar om å erstatta desse areala med eit nybygg som skal innehalda kontor, lesesalplassar og undervisingsrom, med meir.

Etter vurdering av lokaliseringsalternativ i aust og sør, er konklusjonen at eit påbygg i sørenden av eksisterande bygningsmasse er det mest hensiktsmessige.

Det heile skal etter planen realiserast gjennom den såkalla kurantbygg-ordninga. Statsbygg skal vera utbyggjar og eigar og leiga nybygget ut til NHH.

Skisseprosjekt

Kunnskapsdepartementet gav i fjor Statsbygg i oppgåve å få utarbeidd eit skisseprosjekt for NHH-nybygget innanfor gitte styringsrammer.

Eit skisseprosjekt er eit tidleg steg i prosjekteringsfasen. Det involverer mange av prosjekteringsfaga, og blir utarbeidd når det ligg føre eit overordna program for eit nybygg.

Om skisseprosjektet kjem seg gjennom ulike nålaugo og det vert gitt grønt lys for vidare arbeid, må nybygget planleggjast i større detalj gjennom eit forprosjekt.

Kutta ned

I slutten av mai var prosjektleiar Per Jørgen Østensen frå Statsbygg, representantar frå arkitektfirmaet Link Signatur, samt landskapsarkitektar og reguleringsplanansvarlege på NHH for å presentera skisseprosjektet og orientera om framdrifta i byggesaka.

Det NHH-leiinga og representantar frå institutta og administrasjonen fekk sjå var kort fortalt utkast til eit pilspiss-forma fire etasjars nybygg på 12910 kvm med ei styringsramme på om lag 410 mill. kroner.

I høve til tidlegare utkast inneber dette ein reduksjon i både storleik og pris, noko som var naudsynt for at NHH sitt budsjett kan tola leigebelastninga.

I skisseprosjektet er det er teke høgde for at bygget kan utvidast med inntil 1000 kvm dersom det skulle verta mogeleg kostnadsmessig, eller reduserast med 500 kvm dersom det skulle verta naudsynt.

- Hypereffektivt bygg

Det mangla ikkje på spørsmål frå salen då skisseprosjektet vart vist fram. Det vart spurt om alt frå bussparkering og talet på lesesalplassar, til kontorstorleik og fleksibilitet i høve ulik bruk av rom.

- Målet har vore å få flest mogeleg funksjonar innanfor 13000 kvm, og det er blitt eit hypereffektivt bygg, sa dagleg leiar hjå Link Signatur, Rolf Maurseth.

Han slo fast at bygget er modulbasert og at det kan gjerast endringar seinare, men at eventuelle radikale endringar vil føra til andre element må ut.

- Det vert tilpassingar i den vidare prosessen, men eg håpar og trur at dette er hovudforma, supplerte prosjektleiar Per Jørgen Østensen frå Statsbygg.

- Start i 2010, ferdig i 2012

For NHH sin del er det sentralt å veta kva tidsplanar ein har å halda seg til, og spørsmåla om oppstart- og ferdigstillingstidspunkt var fleire.

Dei som i dag har kontor i Paviljongen må t.d. ha andre lokale i byggeperioden, og ein må veta kor lenge det er behov for å oppretthalda leigeavtalen i Merino. Når eit eventuelt nybygg står ferdig kjem dessutan ein flytteprosess som må koordinerast med den daglege verksemda.

Med optimal framdrift i reguleringsplanprosessen, søknader om ramme- og byggeløyve o.l., meiner både prosjektleiinga i Statsbygg og arkitektane frå Link Signatur at det kan vera mogeleg med byggestart tidleg på sommaren 2010, og at bygget kan stå ferdig hausten 2012.

Tomt for NHH-nybygg
Tilbygget som skal erstatta Merino skal etter planen bli ei søraustleg utviding av dagens byggingsmasse.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive