Tre haustlege treningstilbod

Utdrag frå SiB sitt haustprogram i Lehmkuhlhallen syner at trening er eit tøyeleg omgrep og kan femna mange aldersgrupper og interesser.

05.06.2009 - Hallvard Lyssand


Mor og babytrim, magedans og styrketrening for godt vaksne er blant tilboda i Lehmkuhl klatre- og treningssenter komande haust.

Mor og baby - MRB er ein treningstime for nybakte mødrer og medbrakte nyfødde. Timen vil bli arrangert måndagar frå 12 til 13, og passar frå babyen er om lag seks veker gamal.

Ein fødsel er ifølgje rapportane ei stor påkjenning, og måla med treninga er både auka velvære, å førebyggja smerter i rygg og liknande, og å hjelpa kroppen å koma tilbake til fasongen han hadde før fødselen. Det heile er uformelt, sosialt og skjer i samspel med barnet.

Godt voksen - ST er, som namnet antyder, styrketrening spesielt tilrettelagt for ein litt annan ende av aldersskalaen. Timen blir arrangert måndagar frå 11 til 12 og inneheld trening med både eiga kroppsvekt og ulike hjelpemiddel. Utbytet er m.a. skadeførebygging og meir overskot.

For meir informasjon, kontakt connie.halvorsen@sib.no, tlf: 55956670

Det tredje tilbodet - magedans - passar i følgje førehandsreklamen for alle, og vert omtala som ein skånsam og morosam måte å trena på.

Kurs for nybyrjarar (18.00-19.15) og vidarekomne (19.15-20.30) startar 10. september. Kursa går over 10 kveldar og kostar kr 500 for SiB-treningssentermedlemer og kr 1100 for ikkje-medlemer.

Bindande påmelding inkl. betaling skjer resepsjonen i Lehmkuhlhallen.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive