Skal vurdera sidegjeremålsreglar

At NHH-tilsette har sidegjeremål vert vurdert som positivt, men det finst også ein fare for at ulike roller og interesser kan koma i konflikt med kvarandre. Torsdag skal NHH-styret ta stilling til eit utkast til reglement på sidegjeremåls-området.

10.06.2009 - Hallvard Lyssand


Styremøtet i morgon (torsdag) er det siste før sommaren. Blant sakene på agendaen er eit ukast til reglement for sidegjeremål for tilsette ved NHH.

Sidegjeremål er definert som løna eller uløna arbeid og verv som vert utført i tillegg til ordinær stilling.

Innføring av eit reglement på området vil m.a. innebera at avgrensingar i høve til sidegjeremål vert presiserte og at tilsette må melda inn og i visse tilfelle få godkjent sidegjeremål.

- Målet med å innføra eit slikt reglement er å sikra at NHH-tilsette ikkje har verv eller arbeid som er i strid med NHH sine interesser, i konkurranse med høgskulen si verksemd eller går utover jobben dei skal gjera her, seier Knut Schjerven Roald i direktørens stab.

Sidegjeremålsreglement og -register finst i ulike delar av offentleg verksemd. Til dømes vert dommarar sine utanomrettslege verv offentleggjort i eigne sidegjeremålsregister. Fleire norske universitet, m.a. UiO og UiB har også innført sidegjeremålsreglement dei seinare åra.

Positivt og ønskeleg

Knut S. Roald understrekar at sidegjeremål er positivt og ønskeleg, og at det i realiteten svært få tilfelle der det blir problem.

Likevel kan det oppstå rolle- og lojalitetskonfliktar, og slike saker kan potensielt vera uheldig for NHH sitt omdøme og ikkje minst for den tilsette sjølv. Brot på lojalitetsplikta overfor arbeidsgjevar kan t.d. enda med påtale uavhengig av om det finst eit eige sidegjeremålsreglement eller ei.

Schjerven trur sidegjeremålsreglementet kan bidra til å førebyggja problematiske situasjonar.

- Oppmodinga er at dei tilsette skal vera medvitne og opne om desse tilhøva, seier han.

Motstand

Sidegjeremålssaka har vore på høyring hjå institutta, og høyringsfråsegnene er overvegande positive. Det vart likevel bede om presiseringar på fleire område, m.a. i høve til reglar for meldeplikt.

Saka er også drøfta med fagforeiningane. Dei er imot innføringa av eit reglement med pålagt innmelding, registrering, godkjenning og offentleggjeringa av sidegjeremål, og meiner grunngjevinga for innføringa er for dårleg. Uroa er blant anna at konsekvensen skal verta unødig byråkrati.

Etter fagforeiningane sitt syn bør ein kombinasjon av friviljug rapportering på institutt-nivå og eksisterande etiske retningslinjer vera tilstrekkeleg.

Førre utkast til retningslinjer fekk dessutan kritikk for å vera vagt og uklart. Den oppfatninga delte iallfall delvis styret, og i sist styremøte vart saka sendt tilbake til administrasjonen med krav om nokre presiseringar.

- Styret ønskte seg ein klarare tekst. Mellom anna er det no presisert kva som er i strid med lojalitetsplikta, seier Roald.

Ekstraarbeid?

- Kor mykje ekstra arbeid vil innføringa av eit slikt reglement innebera for dei tilsette?

- Ein del tilsette som til dømes har eigne føretak, eigarinteresser eller styreverv i føretak og selskap vil få ekstra arbeid ved at det blir innført meldeplikt.

- Vidare skal sidegjeremål som kan koma i konkurranse med NHH si verksemd, som er av spesielt langvarig eller omfattande karakter, inneber bruk av NHH sine ressursar og infrastruktur eller kan skapa tvil om den tilsette si evne eller vilje til å utføra jobben sin meldast inn til og godkjennast av næraste leiar. I tilfelle der sidegjeremål ikkje vert godkjent, skal saka kunna påklagast til eit eige klageutval, seier Roald.

- I praksis vil nok likevel dei aller fleste kom langt med å opplysa om sidegjeremål på si eiga heimeside. Som sagt er sidegjeremål primært positivt, og om dei tilsette er opne på dette feltet kan det vera god profilering som alle tener på, legg han til.

Les saksutgreiinga og utkastet til reglement i innkallinga til møte i NHH-styret (Møteinnkalling 3/09, sak 44)


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive