Ny utgåve av NHH Bulletin

NHH Bulletin nr. 2 2009

Ei rykande fersk utgåve av NHH Bulletin er klar. Her kan ein mellom anna lesa om NHH-miljøet si storsatsing Krise, omstilling og vekst, om kamp mot skatteparadis, om overhengande fare for avisdød og vurderingar av kva målemetodar som er best når ein vil veta om forskjellen på fattige og rike land aukar eller minkar.

19.06.2009 - Hallvard Lyssand


Det følgjande er litt av det ein kan lesa om i årets andre utgåve av NHH-miljøets eksternmagasin NHH Bulletin.

Kamp mot kapitalflukt

Ulovlege kapitalstraumar frå fattige utviklingsland til skatteparadis vert anslått til å utgjera opptil fire tusen milliardar norske kroner årleg. No vil norske styresmakter vil bli tøffare i kampen mot skatteparadisa.

Krise, omstilling og vekst

NHH, SNF og AFF har etablert eit femårig satsingsprogram med tittelen Krise, omstilling og vekst. Det handlar om å forstå og formidla årsaker og konsekvensar, men også om å sjå kva nye mogelegheiter ei krise opnar for.

Varsling om avisdød

Professorane Hans Jarle Kind (NHH) og Helge Østbye (UiB) ser ikkje bort frå at minst ei av dei noverande nasjonale laussalsavisene kjem til å forsvinna relativt raskt.

Tida strekkjer ikkje til

NHH Bulletin vil i ein serie ta opp leiarar sine hovudutfordringar. Først ut er «tidstjuven». Jobben, altså. - Nokre leiarar er primært opptekne av å jobba så mykje som dei oppfattar som «passande» for leiarar som dei sjølve, seier Birthe Kåfjord Lange.

Aukar ulikskapane mellom rike og fattige land?

Forskar Ingvild Almås studerer kva målemetodar som gir det mest korrekte svaret på dette spørsmålet.

Legg om kosthaldet

- Skal vi ta klimaproblema på alvor, må vi både leggja om kosthaldet og drepa nokre særinteresser, seier SNF-forskar Ivar Gaasland.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive