Nordisk konferanse om arbeidsøkonomi

Frå måndag 15. til onsdag 17. juni samlast nær 50 forskarar på Solstrand til nordisk konferanse i arbeidsøkonomi.

12.06.2009 - Hallvard Lyssand


4th Nordic Summer Institute in Labour Economics føregår i regi av Empirical Labor Economics (ELE). Dette er eit nordisk forskingsnettverk som primært har som målsetting å bidra til betre forståing av sentrale aspekt ved den nordiske modellen og kva innverknad desse har på arbeidsmarknaden.

Nettverket består av fire forskingsteam med hovudbasar i høvesvis Århus, Uppsala, Helsinki og ved NHH.

Hovudorganisator for konferansen på Solstrand i neste veke er professor Kjell G. Salvanes frå Institutt for samfunnsøkonomi, i samarbeid med instituttkollegaene Astrid Kunze og Erik Ø. Sørensen, samt Kjell Vaage frå UiB.

Konferansen gjev nokre av dei fremste nordiske forskarane på feltet høvet til å koma saman og diskutera arbeidet sitt.

Men det er ikkje utelukkande nordiske forskarar blant dei nær 50 deltakarane. Hovudinnleiarane er t.d. ikkje-nordiske.

Professor Gerard van den Berg, VU University Amsterdam er første talar måndag. Innlegget har tittelen Critical Periods During Childhood and Adolescence: A Study of Adult Height Among Immigrant Siblings.

"Keynote speaker" tysdag er professor Till von Wachter frå Columbia University, med innlegget Long-term effects of mass-layoffs.

Les meir og sjå fullt program og deltakaroversikt på ELE sine heimesider


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive