Dødens hjelpesmenn

Johannes Nymark

Cristina Fernández si regjering i Argentina har det seinaste året hatt ein alvorleg konflikt med heimlege landeigarar, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon i ein kronikk publisert i Bergens Tidende 3. juni.

05.06.2009 - Johannes Nymark


Argentinske bønder - så vel storbøndene som dei små og mellomstore - har i nokre år prioritert produksjon og eksport av soya, som er etterspurt og godt betalt på den internasjonale marknaden.

Produksjonen av soya har gripe så pass om seg, også i område som tidlegare var beitemark for storfe eller blei nytta til korndyrking, at det er blitt akutt mangel på viktige argentinske forbruksvarer som kjøt, korn og mjølk.

Då president Cristina la avgifter på den innbringande soyaeksporten, var det for å halda prisane på basismatvarer på eit akseptabelt nivå, for å finansiera ulike hjelpepakker for forbrukarane og få spesielt dei små og middelstore bøndene til å satsa meir på tradisjonelle argentinske matvarer, og gå vekk frå soya, som argentinarane konsumerer minimalt av.

Sotfarga opprørarar

Det har ikkje gått slik presidenten ønskte. Protestane har vore store, spesielt i dei meir velståande delane av det argentinske folket, og store delar av pressa har spela på lag med bøndene.

Men somme presseorgan har nyleg informert om at militære med tvilsamt rulleblad har slått sine pjaltar saman med landeigarane. Mellom dei mest radikaliserte elementa finn ein militære offiserar med ei fortid som sotfarga opprørarar mot Raúl Alfonsín sine forsøk på å stilla dei militære frå det seinaste diktaturet (1976-1983) for retten for omfattande krenkingar av menneskerettane.

Undersøkingar har synt at somme av dei sotfarga militære også var med på å førebu eit mordforsøk på Bolivias president Evo Morales no nyleg.

«For Gud, vår far!»

Ein av desse tvilsame militære heiter Gustavo Breide Obeid og ser på seg sjølv som arvtakar etter ein av dei herostratisk kjende og sotfarga opprørarane på 1980-talet, Mohamed Alí Seineldin, som leia an i det siste antidemokratiske opprøret i desember 1990.

Breide Obeid er leiar for det såkalla Folkepartiet for Gjenoppbygging, som under mottoet «For Gud vår Far, for vårt kjære fedreland!» stilte som presidentkandidat i 2007 og fekk 5.113 stemmer i eit val som Cristina Fernández vann klart.

Då valet vel var tapt, tok Breide Obeid til å sjå framover mot presidentvalet i 2011. Alliansen med landeigarane er ein del av denne politiske strategien, i ei tid då dei militære sitt førsteval ikkje lenger er statskupp.

Som fot i hose

Det er ikkje noko nytt i Argentina at militære offiserar samarbeider med landeigarar, og for så vidt også med andre leiande økonomiske grupper. Det gjorde dei i tider då militærkupp sette ein brå stopp for sivile regjeringar i landet.

Det mest brutale militærkuppet, det aller siste (1976-1983), hadde ikkje late seg gjennomføra hadde det ikkje vore for aktiv økonomisk og moralsk støtte frå så vel innanlandsk som utanlandsk kapital, sistnemnde representert i særleg sterk grad av Det internasjonale pengefondet (IMF), som spytta inn monalege summar for å få skikk på økonomien under militærdiktaturet.

Økonomisk liberalisme gjekk som fot i hose saman med det beinharde militærdiktaturet.

Folk berre «forsvann»

Ikkje berre ytte økonomar sin skjerv til eit stabilt militærregime, dei gjorde det i den grad at Argentina under det seinaste militærdiktaturet blei eit laboratorium for ein liberalistisk økonomi à la Milton Friedman.

At ikkje alle ser med blide auge på eit slikt samrøre mellom økonomi og militær undertrykking, får vi eit uttrykk for gjennom den kampen som barn og barnebarn av forsvunne fører for å få stilt for retten ikkje berre militære, men også bankar som finansierte diktaturet.

Utan den økonomiske støtta ville dødsmaskineriet til dei militære ha stoppa av seg sjølv, meiner dei, og viser til at bankane var fullt klare over og heilt innforståtte med at det blei bygd konsentrasjonsleirar der kidnappa opposisjonelle blei torturerte og myrda.

I somme tilfelle berre «forsvann» folk - i Argentina i eit tal på om lag 30.000 - og i ettertid har det synt seg at fleire av dei blei kasta i levande live frå fly og ut i La Plata-floda.

Dei militære sjølve nekta, men kunne ikkje det lenger då lik flaut opp på strender og medisinske prøver synte at det dreia seg om forsvunne frå diktaturtida.

Undertrykkja eige folk

Initiativet som slektningane til dei forsvunne har teke, kan føra til større merksemd om etikk også i krinsar som tradisjonelt sett berre er opptekne av forteneste, utan omsyn til kva tilhøve det skjer under eller kva interesser det tener.

Ifølgje ein studie ved Juridisk Fakultet på Universitetet i New York var den statlege utanlandsgjelda i Argentina 6,6 milliardar US-dollar i 1976 - det året dei militære tilrana seg makta - mot 31,7 milliardar i 1983, då dei militære trekte seg attende.

Om lag tre fjerdedelar (20,6 milliardar) var direkte bankkreditt, medan ytterlegare 5,4 millionar var bankobligasjonar. Dette var kapital som internasjonale bankar pressa på ulike land i ei tid med relativt låge renter og som ein del land nytta til å undertrykkja sitt eige folk.

Presedens for å dømma

I dei sju åra med militærdiktatur var dei statlege inntektene mindre enn utlegga, medan militærbudsjettet voks om lag til det doble, frå 1,3 milliardar til 2,5 milliardar US-dollar, eller frå 2,04 til 4,39 % av BNP.

I den omtala studien viser ein til ei fråsegn frå Kongressen i USA i samband med den rolla Riggs Bank hadde i høve til Augusto Pinochet sitt diktatur i Chile: «Finansieringa er nøkkelen til terrorisme, til korrupsjon og andre brotsverk».

Det finst presedens for å dømma bankar og andre som har finansiert krigsbrotsverk.

Nürnberg-tribunalet dømde tyske næringslivsleiarar som hadde selt dødeleg gass til konsentrasjonsleiren Auschwitz, som hadde skaffa slavearbeidarar eller gitt pengegåver til nazistane. Tribunalet slo fast at dei ansvarlege for ein kriminell plan «treng samarbeid frå politikarar, militære, diplomatar og næringslivsleiarar. Ein kan ikkje sjå på desse som uskuldige dersom dei visste kva dei gjorde».

Stilla bankane til ansvar

Det er ut ifrå eit slik resonnement at barn og barnebarn av dei forsvunne i Argentina vil stilla bankane til ansvar for krigsbrotsverk. «Eg vil veta kven som skaffa pengar til eit militærdiktatur som styrte eit økonomisk knekt land, men som likevel kunne betala løn til dei som myrda foreldra mine og som gjorde at diktaturet kunne kjøpa torturmaskineriet sitt», seier María Elena Perdighe, som er ei av dei etterlatne.

I den seinare tida er det blitt meir merksemd rundt medansvar ved alvorlege brotsverk. I rettsvesenet i USA har det versert søksmål mot bananselskapet Chiquita, som nytta kolombianske paramilitære for å fjerna fagforeiningsleiarar frå plantasjane sine.

Det er såleis ikkje berre den argentinske presidenten som i dag fører kamp mot samrøret mellom militæret og økonomiske interesser.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive