Agnar Sandmo prisløna for innsats innan miljøøkonomi

Agnar Sandmo Arkivfoto

Organisasjonen EAERE har tildelt professor emeritus Agnar Sandmo European Lifetime Achievement Award in Environmental Economics. Sandmo får prisen for sine markante bidrag innan samfunnsøkonomisk analyse generelt og miljøøkonomi spesielt.

03.07.2009 - Hallvard Lyssand


European Association of Environmental and Resource Economists (EAERE) vart stifta tidleg på 1990-talet og har per i dag over 900 medlemmer frå akademia og offentleg og privat sektor i heile Europa. Organisasjonen arbeider for å etablera forum for utveksling av idear og forsking innan forvaltning av miljø og naturressursar.

EAEREs European Lifetime Achievement Award in Environmental Economics vert tildelt forskarar som har vigd seg til arbeid med miljøøkonomiske spørsmål over lang tid og kome med bidrag med varig innverknad på feltet.

Agnar Sandmo fekk overrekt prisen i samband med EAERE sin årskonferanse i Amsterdam i slutten av juni.

- Sandmo får utmerkinga grunna den store innverknaden han har hatt innan samfunnsøkonomisk analyse generelt og miljøøkonomi spesielt dei siste 30 åra, heiter det i grunngjevinga.

Vidare vert det konstatert at NHH-professoren har bidrege substansielt til at miljøøkonomiske problemstillingar har fått ein stadig meir sentral plass på agendaen innan økonomisk forsking, samstundes som han har demonstrert at økonomifaget sine analyseverktøy er nyttige hjelpemiddel i utforming av miljøpolitikk.

Det vert også påpeikt at Sandmo har hatt stor innverknad på felt som ligg tett opp til miljøøkonomiområdet, og då særleg offentleg økonomi.

Les heile grunngjevinga på EAERE sine nettsider

- Overraskande og gledeleg

- At eg fekk denne prisen var overraskande og gledeleg, og eg er veldig stolt. Arbeidet eg har gjort på dette området ligg mitt hjarta nær, seier Agnar Sandmo til Paraplyen.

- Kvifor fatta du interesse for miljøøkonomi?

- Eg skreiv dei første artiklane mine om miljøøkonomi på norsk tidleg på 1970-talet. Eg har hatt ei alminneleg interesse for miljøvern frå langt tilbake, og då eg såg at økonomar internasjonalt byrja å interessera seg for miljøøkonomi ønskte eg å bidra til å introdusera feltet for det norske miljøet.

- Etter kvart byrja eg å kopla interessa for miljøøkonomi med det eg hadde gjort innan økonomisk analyse på andre felt, fortel Sandmo.

Viktig innsats

Også kollegaene ved NHH er glade for at Sandmo sin innsats innan miljøøkonomi får breiare merksemd og anerkjenning.

- Eg tykkjer det er svært hyggjeleg og fortent at Agnar Sandmo får denne prisen. Han blir nok ikkje primært tenkt på som miljøøkonom, men han har gjort ein veldig viktig innsats for å plassera miljø sentralt i økonomifaget, seier professor i klimaøkonomi Gunnar Eskeland ved Institutt for foretaksøkonomi.

- Klimadebatten i våre dagar mobiliserar mange av dei aller beste økonomane på ein måte som verkeleg utfordrar og nyttar profesjonen, og dette har Sandmo bidrege vesentleg til, held han fram.

- Vi sett sjølvsagt svært stor pris på at Agnar Sandmo vert heidra også for innsatsen innan miljøøkonomi, seier professor Bertil Tungodden, som er leiar ved Institutt for samfunnsøkonomi.

- Det er nok ikkje alle som er klar over kor sentrale Sandmo sine bidrag har vore på dette viktige feltet, legg han til.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive