Skimtar lys i krisetunnelen

Kriseseminar, Foto: Kristian Helgesen

Vel kan fallet verta djupt, men å samanlikna med den store depresjonen er for drøyt. Den norske skatteverktøykassa er dessutan ikkje tom, nedgangskonjunktur kan vera ein reinsingsprosess, og lyset i enden av tunnelen treng ikkje vera eit møtande lyntog.

22.01.2009 - Hallvard Lyssand


Påstandane over er ei samantrekking av nokre av konklusjonane frå føredraga til fire NHH-professorar på eit seminar i regi av NHH og SNF i Oslo tysdag.

NHH og SNF hadde invitert representantar frå diverse departement og direktorat, næringsliv og presse til Hotel Bristol for å høyra professorane Jan Tore Klovland, Guttorm Schjelderup, Kjell G. Salvanes og Øystein Thøgersen snakka om Norsk og internasjonal økonomi i lys av finanskrisa.

Tid for "main stream"-teori

SNF-styreleiar og NHH-professor Victor D. Norman styrte ordet. Han innleidde med å slå fast at dette ikkje er tida for eksperiment.

- Vi meiner krisa best kan forståast ut frå "main stream" økonomisk teori. Den økonomiske vitskapen må visa kva han duger til, sa Norman, og la til at det er viktig å ha ekspertrøyster som er uavhengige såvel politisk som økonomisk, og at det er bra med perspektiv frå utanfor Oslo-gryta - t.d. frå Bergen.

Norman formulerte også dei grunnleggjande spørsmåla for seminaret: Kva er årsaka til krisa? Kor ille vert det? Kor lenge vil det vara? Er det grunn for politikarane til å gjera noko? Kva er i tilfelle medisinen, kor sterk skal han vera og kor lenge må han takast?

Kriseseminar, Jan Tore Klovland, Foto: Kristian Helgesen
- Ikkje høyr på korkje dommedagsprofetar eller dei som lovar snarleg solskinn og oppgang dersom dei ikkje kan underbygga påstandane sine, oppmoda Jan Tore Klovland.
Foto: Kristian Helgesen

- Veldig ille

Professor Jan Tore Klovland sitt føredrag bar tittelen Hvor ille blir det?, og Klovland innleidde med å konstatera at han trur det blir veldig ille.

Han siterte også dronning Elisabeth sitt sentrale spørsmål på ei kriseorientering frå Bank of England: If this thing is so big - why didn't anyone notice it?

Klovland slo fast at det er eit godt spørsmål, og fann grunn til å sparka både seg sjølv og mange andre på leggen for ikkje å ha sett krisa koma tidlegare.

Dei sentrale trekka i oppbygginga mot byrjinga av finanskrisen i USA er i følgje Klovland ein aukande grad av verdipapirisering av lån i kombinasjon med ein pengepolitikk som m.a. var prega av låge kortsiktige renter, høg gjeldsvekst, låge risikopremiar og sterkt aukande aktivaprisar. Alt bidrog til å auka den finansielle sårbarheita.

Då krisa kom råka ho først finansielle aktørar. Sidan spreidde ho seg til ikkje-finansielle aktørar i form av kredittskvis.

Han konstatere at også norske bankar strammar inn kredittpraksisen sin, og understreka at kombinasjonen av kredittskvis og finansiell sårbarheit er dynamitt også i Noreg.

Ingen stor depresjon

Den store depresjonen i USA mellom 1929 og 1933 vert gjerne trekt fram som samanlikningsgrunnlag i samband med krisar konjunkturnedgang. Klovland fann nokre skremmande likskapar mellom -30-talet og dagens situasjon, t.d. i høve til problem knytt til verdipapirlikviditet, kredittskvis og konjunkturnedgang, men understreka at mykje er også ulikt.

Den store depresjonen var ekstrem i USA. BNP raste med om lag 35%, og industriproduksjonen vart halvert. I tillegg gjekk ca. 9000 amerikanske bankar konkurs på fire år. I Europa var utslaga mindre dramatiske.

I denne runden har bankkonkursane vore få, og -30-talsproblem som deflasjon og proteksjonisme har heller ikkje gjort seg gjeldande.

Bernanke eller Snåsa-mannen

Ifølgje Klovland er viktig lærdom frå den store depresjonen at statlege institusjonar må sikra bankvesenet gjennom tilføring av ansvarleg kapital for å unngå kredittskvis. Men tiltaka må skje på mest mogeleg marknadsmessige vilkår. Bankane må ikkje tvingast til å låna ut pengar.

Vidare var rådet til sentralbanken å halda fram med ein fleksibel lågrentepolitikk, men at ein ikkje må ha låg rente for lenge.

Noreg sitt bidrag på internasjonalt nivå kan etter Klovland sitt syn vera å unngå proteksjonisme og å arbeida for ein ny WTO-avtale.

- Det er viktigare å redda verdsøkonomien enn å redda Toten, sa Klovland, men var ikkje overtydd om at norske politikarar vil vera samde.

Professoren minna om at den amerikanske sentralbanken no er styrt av nokre av dei fremste ekspertane på Den store depresjonen, m.a. Ben Bernanke.

- Om ikkje dei klarar å takla krisa har vi berre Snåsa-mannen att, slutta Klovland.


Kriseseminar, Guttorm Schjelderup, Foto: Krsitian Helgesen
- Ein statleg redningspakke må vera stor nok til å skapa optimisme. Nøyaktig kor stor kan vi ikkje veta, sa Guttrom Schjelderup, men la til at han og resten av DN sitt rentepanel har gjort eit overslag på 20-30 milliardar kroner.
Foto: Kristian Helgesen

Motverk lånetørke og arbeidsløyse

Medan JanTore Klovland siterte dronning Elisabeth, parafraserte Guttorm Schjelderup Winston Churchill: - Aldri har så få gjort så mykje skade for så mange.

Så kva er krisekuren og kor sterk må medisinen vera?

Utfordringane er i følgje Schjelderup å nytta verkemiddel som gjer at ein unngår kredittskvis og avgrensar auken i arbeidsløysa.

- Om folk er i jobb, klarar dei lånepliktene sine, og både etterspurnad, vekstevne og utvikling i bustadmarknaden er såleis avhengig av sysselsetjinga, påpeikte han.

Schjelderup fastslo at ekspansiv finanspolitikk og skattelette er grep som kan verka effektivt i Noreg, men at ein krisepakke som omfattar aktiv bruk av finans- og skattepolitikk må innebera at investeringane går dit avkastninga vert høgast.

Ifølgje Schjelderup er det viktig at den statlege krisepakken er stor nok til å skapa optimisme, og at han er utforma slik at han påverkar lånetørken og sysselsetjinga.

Samstundes åtvara han om at krisepakkar kan vera ein gedigen invitt til lobbyverksemd for diverse særinteresser, og at politikarane må stå imot krav om å støtta næringar som er spesielt råka av krisa.

Skattemessig verktøykasse

Schjelderup påpeikte at finanspolitiske stimuli, t.d. i form av offentlege infrastrukturtiltak nok er meir effektivt enn skattelette. Han la likevel til at det er verktøy å finna i skatteverktøykassen, og at skattemessige krisetiltak både er lette å retta direkte mot problema ein har, og enkle å reversera.

Konkret rådde Schjelderup til å auka minstefradraget. Dette vil gje størst utslag for dei som har høgast gjeld i høve til inntekt, og dermed treng skattelette mest. Han hadde langt mindre tru på effektane av å gjera noko med toppskatten, formueskatten eller skattlegginga av bedrifter.

I høve til indirekte skattar rådde Schjelderup til å redusera arbeidsgjevaravgifta for å gjera det attraktivt å tilsetja folk. Han hevda dette vil vera eit langt meir effektivt tiltak enn å redusera meirverdiavgifta slik en del andre land har gjort.


Kriseseminar, Kjell G. Salvanes, Foto: Kristian Helgesen
- Gode tidlegpensjonsordningar kan vera ei del av forklaringa på at mange nordmenn går heilt ut av arbeidslivet i samband med omstilling framfor å gå over i anna arbeid, sa Kjell G. Salvanes.
Foto: Kristian Helgesen

Nedgangskonjunktur som reinsingsprosess

Kjell G. Salvanes tok for seg krisetider og omstilling. Han opplyste at graden av jobbskaping held seg relativt konstant uavhenging av konjunktursvingingar. I dårlege tider vert likevel fleire jobbar borte, og det føregår meir omstrukturering slik at netto jobbskaping går ned.

Ifølgje Salvanes er nedgangskonjunkturar viktige som "reinsings"- og omstillingstider. Verksemder nyttar høvet til å omstilla i periodar der også konkurrentane gjer det. Dei som maktar å gjera strukturelle tilpassingar overlever og legg grunnlag for økonomisk vekst gjennom nyskaping og betre produktivitet.

- Vi vil at nokre jobbar skal forsvinna, men ikkje dei jobbane som forsvinn på grunn av kredittskvis, sa Salvanes.

Han peikte også på at omstillingsprosessar fører til at mange går ut av arbeidsstyrken tidlegare enn dei elles ville ha gjort, noko som er eit stort problem og må motverkast.



Kriseseminar, Øystein Thøgersen, Foto: Kristian Helgesen
- Arbeidsløysa i USA under den store depresjonen var på 25%. Vi er ikkje heilt der. Krisa på byrjinga av 1970-talet er nok ein meir passande målestokk for dagens krise, meinte Øystein Thøgersen.
Foto: Kristian Helgesen

Lyspunkt

Øystein Thøgersen var siste talar. Han slo fast at det er overskotstilbod av pessimistar om dagen, og at han ville vera meir optimistisk.

Rett nok måtte han fastslå at vi er inne i ein global resesjon, men at krisen utviklar seg til ein depresjon ville ikkje Thøgersen vera med på - vel å merka så lenge ikkje styresmakter brått går i 1930-talsfella og byrjar å verta proteksjonistiske og knipne med pengane.

Thøgersen ser lys i tunnelen og vel å satsa på at det ikkje er eit møtande tog.

Han trekte fram tre lyspunkt. For det første er dei grunnleggjande drivarane for vekstkraft framleis til stades i framveksande økonomiar som i India og særleg Kina.

- Rett nok har Kina store utfordringar, men styresmaktene sin vilje til å lukkast er stor, og for ein sjeldan gongs skuld vil eg slå eit slag for det kinesiske kommunistpartiet, sa Thøgersen.

Lyspunkt nummer to er at trendveksten har gått rett til vers dei siste 150 åra. Vel har det vore nedgangskonjunkturar, men i det store biletet har dei vore bagatellmessige.

Thøgersen la ikkje skjul på at krisen kan bli smertefull.

- Men om ein unngår politiske blunderar vil krisen vera mellombels, sa han.

Lyspunkt nummer tre er nettopp aktiv politikk. Styresmakter verda over har vist vilje og evne til å handtera situasjonen. Men det tyder ikkje at faren er over, og ein er på upløgd mark.

- Dette vert syretesten for dei som tek avgjerdene i verda, sa Thøgersen, og konkluderte med å spå at realøkonomien vil botna ut i tredje kvartal 2009.




Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive