Prisløna for master-prosjekt

Knut Aase og Bernt Øksendal

Professorane Knut Aase (NHH) og Bernt Øksendal (UiO/NHH) har fått ein pris frå afrikanske kollegaer for innsatsen sin i samband med eit master- og PhD-program i anvendt matematikk for studentar frå ei rekkje land i det sørlege Afrika.

16.01.2009 - Hallvard Lyssand


− Æra kom heilt overraskande på oss, og det var jo sjølvsagt svært hyggjeleg å bli sett pris på, seier professor Knut Aase ved Institutt frå foretaksøkonomi.

Under ei vitjing i Mosambik i november i fjor fekk Aase og kollega Bernt Øksendal overrekt eit Sertificate of Appreciation frå Southern Africa Mathematical Sciences Association (Samsa).

Samas-pris, Knut Aase og Temba Shoniwa
Knut Aase får overrekt pris frå Samsa-president Temba Shoniwa. Edward Lungu i bakgrunnen.

NUFU-støtta matte-master

Bakgrunnen for prisen er Aase og Øksendal sin innsats med å organisera og administrera eit undervisningsprogram i anvendt matematikk for studentar frå m.a. Zimbabwe, Zambia, Botswana, Mosambik, Malawi, Namibia og Swaziland.

Prosjektet byrja som eit masterprogram, men utvikla seg etterkvart til også å omfatta eit PhD-program med treårige stipend. I løpet av dei ti åra det pågjekk resulterte prosjektet i 80 mastergradar og 20 doktorgradar.

Dei norske professorane kom i kontakt med Samsa-representantar alt i samband med ein matematikk-konferanse i Botswana i 1993.

− Vi møtte blant andre Edward Lungu frå University of Botswana. Han kjente til den norske støtteordningen gjennom NUFU, og ville ha våre hjelp til å organisera eit prosjekt, fortel Aase.

NUFU er eit program for sjølvstendig akademisk samarbeid basert på initiativ frå forskarar og institusjonar i Sør og deira partnarar ved universitet og høgskular i Noreg. Målet med programmet er å støtta utvikling av forsking og forskingsbasert høgare utdanning i utviklingsland for å bidra til nasjonal utvikling og fattigdomsreduksjon. NUFU-programmet er finansiert av Norad og administrert av SIU. Budsjettramma for perioden 2007-2011 er på 300 mill. kroner.


Samsa-pris, Bernt Øksendal og Temba Shoniwa
Bernt Øksendal, Temba Shoniwa og Edward Lungu.

Idealisme

Matematikkprogrammet kom i gang i 1996, og hadde base ved University of Zimbabwe, som den gong var blant dei største og beste universiteta i det sørlege Afrika. Dit kom studentar frå heile regionen. Lærekreftene var primært lokale, men i tillegg bidrog både norske og engelske fagfolk med konsentrerte undervisningsbolkar over to-tre veker.

Professorane Aase og Øksendal sat i styringskomitéen for prosjektet, og vitja området ca. ein gong årleg i prosjektperioden.

− Programmet var svært nøkternt. Dei tilreisande som bidrog med undervisning gjorde det av idealisme ved sida av sine hovudoppdrag, og utan ekstrakompensasjon. Alle midla vart kanalisert til studentane, fortel Aase.

− Som kjent forverra tilhøva i Zimbabwe seg kraftig etterkvart, men sjølv då sytte solide lokale samarbeidspartnarar for at pengane kom dit dei skulle, og ikkje hamna i hendene på styresmaktene, held han fram.


Praktisk konsekvens

NUFU gjev maksimalt støtte i to periodar på fem år, og prosjektet er no avslutta. Aase og Øksendal kan likevel fastslå at det har fått konkrete og positive praktiske konsekvensar.

- Dei som har teke master via programmet har gått inn i stillinger på ei rekkje ulike felt innan alt frå bankvesen og rekneskap til administrasjon og undervisning. Dei som tok PhD arbeidar ved ulike universitet i regionen, fortel Aase.

Unngår hjerneflukt

Han peikar på at mange afrikanske land slit med "hjerneflukt" ved at stundentar som dreg til andre kontinent for å studera ikkje kjem tilbake når dei er ferdig utdanna.

- Før har dei sendt talenta sine ut. Ved å flytta utdanninga dit talenta er, blir dei i heimlandet, seier Aase.

Prosjektet for det sørlege Afrika er altså avslutta, men eit nytt program er i ferd med då bli etablert i Dar-es-Salaam i Tanzania i regi av Norad's programme for masterstudies (Noma). Tilliks med NUFU er Noma finansiert av Norad og administrert av SIU.

At dei vel å nytta Zimbabwe-prosjektet som mal for Tanzania-prosjektet tolkar Aase til at sistnemnte prosjekt har fungert.

Samsa-pris, Knut Aase, Temba Shoniwa, Edward Lungu

Samsa-pris, Øksendal, Shoniwa, Lungu


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive