Nøgd med Fibe-gjennomføringa

Fibe-logo

Komitemedlem professor Frøystein Gjesdal er nøgd med gjennomføringa av årets Fibe, og meiner nyvinningar som den avsluttande paneldebatten fungerte bra. På sikt meiner han at engelsk bør bli konferansen sitt hovudspråk.

27.01.2009 - Hallvard Lyssand


Fibe 2009, Dr. Richard Lindsey.
Dr. Richard Lindsey er leiar for konsulentselskapet Callcott Group, og tidlegare leiar i Bear, Stearns. Han innleidde Fibe med eit føredraget med tittelen Causes and Lessons from the Current Financial Crisis.

Årets Fagkonferanse i bedriftsøkonomiske emner (Fibe) vart arrangert 8. og 9. januar, og samla 235 deltakarar. Deltakarane fekk høyra tre hovudinnleiarar og kunne velja mellom over 60 ulike faglege innlegg i parallelle sesjonar.

Konferansen hadde to hovudtema: finanskrisa og forskingsevaluering. Professor Frøystein Gjesdal frå arrangementskomiteen tykkjer todelinga fungerte bra.

- Årsakene til finanskrisa peikte seg ut som eit naturleg tema. Som bedriftsøkonomar er vi meir oppteken av årsakene enn av konsekvensane, seier Gjesdal.

- Då vi valde tema trudde vi rett nok at det skulle bli eit tilbakeblikk på krisa, men slik vart det jo ikkje, legg han til.


Fibe 2009, Prof. Katherine Schipper.
Professor Katherine Schipper frå Duke University er ein internasjonal storleik innan forsking på rekneskapsrapportering. Innlegget hennar handla om kva rolle rekneskapsrapportering spela i samband med finanskrisa.

Ekspertgjester

Komiteen hadde invitert Dr. Richard Lindsey og professor Katherine Schipper til å snakka om krisa frå innsida. Med sin bakgrunn frå toppleiinga i krisa sitt første store offer, investeringsbanken Bear Stearns, hadde t.d. Dr. Lindsey førstehands kjennskap til det som gjekk føre seg på Wall Street.

Gjesdal slår fast at både Lindsey og Schipper er internasjonale storleikar på sine felt og svært gode føredragshaldarar, men at innlegga deira drukna litt i høve merksemd utanfor Fibe.

- Det heng truleg saman med at det var svært mange som tok opp krisetemaet på omtrent same tid, seier Gjesdal.

- Fibe er i første rekke ein akademisk konferanse, men når vi makter å få slike personar til landet, bør vi være flinkare til å informere om det, legg han til.


Spissa avslutting

Konferansens andre temaet sirkla kring forskingsevaluering og fordeling av budsjettmidlar basert på slik evaluering.

Professor Stephen Watson frå Cambridge University, som har vore rektor ved tre ulike engelske handelshøgskular, var hovudinnleiar. Han spurte m.a. om internasjonal publisering i seg sjølv er ein garanti for at forsking kan reknast som god.

Fibe-arrangørane avslutta årets konferanse med ein nyvinning - ein paneldebatt. Panelet på seks var delt i ei tilbods- og ei etterspurnadsside innan økonomisk og administrativ forsking.

Frå leverandørsida stilte Ole Gjølberg, som er professor ved Universitet for miljø- og biovitenskap på Ås og professor II ved NHH, NHH-styremedlem og tidlegare UiB-rektor Kirsti Koch Christensen og Paul Gooderham fra Institutt for strategi og ledelse ved NHH. På etterspurnadssida sat TEKNA-president og medlem i Stjernøutvalget Marianne Harg, finansredaktør i Dagens Næringsliv, Terje Erikstad, og SNF-direktør Per Heum.

BI-rektor Tom Colbjørnsen styrte ordet. Han la premissa for debatten ved å peika på at forsking stadig sysselsett fleire, men at samfunnet samstundes vil ha noko att for ressursane som vert spandert.

- Det er nok naivt å tru at vi får halda på for oss sjølve og som vi vil, fastslo Colbjørnsen, og la til at fagleg soliditet i seg sjølv ikkje er tilstrekkeleg til at forsking vert relevant.

Med utgangspunktet i Watson sitt føredrag og Colbjørnsen sine premiss diskuterte panelet ei rekkje spørsmål: Kva bestemmer kva det vert forska på? Korleis vert det formidla? Kor tungt skal eigentleg internasjonal publisering vega i samband med fordeling av forskingsmidlar? Kva får samfunnet eigentleg att for å bruka ressursar på grunnforsking? Og kva forskjell gjer eigentleg forsking?

Alt i innleiingane sine responderte panelet til dels spissformulert på dei ulike problemstillingane.

Ole Gjølberg slo t.d. an tonen ved å konstatera at det kan vera banalt å hevda at ein både skal driva grunnforsking og anvendt forsking, men nytta høvet til å sitera Josef Stalin: There is nothing more useful than good theory.

- Vi ville unngå ein debatt mellom næringslivet på den eine sida og akademia på den andre. Det kunne fort resultert i at deltakarane blei sitjande og snakka forbi kvarandre. Etterspurnadssida var derfor medvite sett saman av formidlarar, seier Gjesdal, som tykkjer debatten fungerte bra.

- Endelege svar på desse vanskelege og kontroversielle spørsmåla hadde vi ikkje venta å få, understrekar han.

Sjå bilete frå debatten under.

Engelsk paper, engelsk presentasjon

Fibe tilbyr som nemnt ei rekkje parallelle faglege sesjonar som spenner over ei rekkje tema. På spørsmål om det er noko han vil trekkja fram, nemner Gjesdal Fibe-prisvinnar Jonas Gaudernack sitt bidrag innan revisjonsforsking.

- Eg har inntrykk av at dei utanlandske gjestene generelt var imponert over nivået på det som vart presentert, seier han.

Nettopp med tanke på utanlandske deltakarar meiner Gjesdal framtidige konferansar bør satsa på engelsk som hovudspråk.

- Vi har mange engelsktalande tilsette. PhD-studentar og gjester. Når presentasjonen vert halde på norsk skaper det problem for dei, påpeikar han.

- Det tyder ikkje at vi ikkje skal opna for norske bidrag, men paper og presentasjon bør vera på same språk, legg han til.

Fibe 2009, paneldebatt, Foto: Kristian T. Marthinsen.
Spissformulert avslutning: Fibe 2009 vart avslutta med ein paneldebatt som famna ei rekkje sider ved forsking frå finansiering, evaluering og publisering til relevans og formidling. Vekt låg primært på verksemda ved "business schools," og både spissformuleringane og latteren sat tidvis laust. Biletet syner etterspørselssida i debatten - professorane Ole Gjølberg (t.v.), Paul Gooderham og Kristi Koch Kristensen, samt debattleiar og BI-rektor Tom Colbjørnsen.
Foto: Kristian T. Marthinsen

Fine 2009, paneldebatt, Foto: Kristian T. Marthinsen.
Professoralt: At noko "kun har akademisk interesse" er blitt eit innarbeidd omgrep for å hevda at noko er uvesentleg, og "professoral" er blitt eit skjellsord, sa NHH-styremedlem og tidlegare UiB-rektor Kirsti Koch Kristensen.
Foto: Kristian T. Marthinsen

Fibe 2009, paneldebatt, Foto: Kristian T. Marthinsen.
Lærer av forsking: Bedriftsleiarar svarar "nja" når dei vert spurd om dei har lært noko av forsking, men det har dei sjølvsagt, sa Tekna-president Marianne Harg.
Foto: Kristian T. Marthinsen

Fibe 2009, paneldebatt, Foto: Kristian T. Marthinsen.
Tolmod: Ver pedagogisk og tolmodig, og ha forståing for at journalistar må ta nokre snarvegar, oppmoda finansredaktør i DN, Terje Erikstad. SNF-direktør Per Heum i bakgrunnen.
Foto: Kristian T. Marthinsen


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive