Likestillingspris til NHH

NHH

NHH og UiB fekk tysdag Kunnskapsdepartementet sin Likestillingspris for 2008. NHH sin del av prisen er på 1 mill. kroner, og pengane skal brukast til gjennomføring av planlagte likestillingstiltak.

21.01.2009 - Hallvard Lyssand


Likestillingsprisen vart første gong utdelt i fjor, og skal gå til institusjonar i universitets- og høgskulesektoren som har gjort ein innsats for å styrka kvinner i forsking gjennom etablering og oppfølging av handlingsplaner for likestilling.

Prisen for 2008 vart utdelt av statsråd Tora Aasland på Kunnskapsdepartementet sin kontaktkonferanse i Oslo tysdag. Vestlandsdominansen var total ved årets utdeling. NHH og UiB delte prisen mellom seg, og får 1 mill. kroner kvar til bruk på vidare konkret likestillingsarbeid.

- NHH får prisen fordi dei har teke likestillingsarbeidet svært seriøst og i løpet av kort tid utarbeidd ambisiøse og realistiske måltal, heiter det i grunngjevinga frå Kunnskapsdepartementet.

Gledeleg

Prorektor Gunnar E. Christensen tykkjer pristildelinga er gledeleg.

Han trur bakgrunnen for tildelinga er at NHH har vist vilje til å prioritera likestillingsarbeid høgt og å planleggja grundig, at leiinga tek arbeidet på alvor og har involvert seg i planlegginga, og ikkje minst at arbeidet er solid forankra i fagmiljøa gjennom sjølvutvikla mål og tilpassa tiltak.

- Prisen er ikkje ei måling av resultat, og er ikkje meint å vera det. Dei verkelege resultata av likestillingsarbeidet vert gjerne synlege først etter fleire år, understrekar Christensen.

NHH sin pris-søknad er basert på tiltak i Handlingsplan for likestilling 2008-2011, som vart vedteke i desember 2007.

- Søknaden vår er på ti sider, og syner at vi tek dette arbeidet seriøst. Samstundes skal det ikkje leggast skjul på at vi har store utfordringar på likestillingsområdet, og at dette må arbeidast med over lang tid, seier prorektor.

Likestillingsprisen

Likestillingsloven stadfester at arbeidsgjevar skal arbeida aktivt, målretta og planmessig med likestilling. Universiteta og høgskulane er pålagt av departementet å utarbeide en handlingsplan for likestilling og tiltak knytt til denne. Med bakgrunn i dette fastset departementet mål for likestillingsarbeidet gjennom tildeling som går til institusjonane.

Opprettinga av Likestillingsprisen er meint å vera eit konkret og synlig tiltak frå departementet for å stimulera og aktivisera institusjonane innanfor høgare utdanning og forsking, og å gje likestillingsarbeidet ekstra giv. Prisen skal bidra i arbeidet med å auka andelen av kvinner i vitskaplege stillingar, og dermed stimulera til jamnare kjønnsbalanse i akademia. Prispengane er eit tilskot til dei ressursane institusjonen sjølv har satt av til likestilling.

Det er komité for integreringstiltak - kvinner i forsking som på vegner av departementet lyser ut prisen, vurderer søknader og innstiller.

Les meir om NHH sitt arbeid med likestilling her


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive