Gav regjeringstoppane råd

NHH-professor Øystein Thøgersen var blant økonomane som måndag møtte toppane frå regjeringspartia for å diskutera den økonomiske situasjonen og koma med råd om tiltak.

13.01.2009 - Hallvard Lyssand


26. januar legg regjeringa fram ei tiltakspakke for å møta utfordringane knytte til den pågåande økonomiske krisa. For å få eit best mogeleg grunnlag for avgjerdene knytta til innhaldet i krisepakka har regjeringa møtt representantar frå m.a. verksemder, organisasjonar, fagforeiningar og forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Måndag var fem økonomar invitert til å møta statsminister Jens Stoltenberg (Ap), finansminister Kristin Halvorsen (SV) og samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp).
I tillegg til professor Øystein Thøgersen frå Institutt for samfunnsøkonomi ved NHH stilte Karen Helene Ulltveit-Moe og Asbjørn Rødseth frå UiO, Øystein Olsen frå SSB og Erling Steigum frå BI.

I følgje regjeringa.no var økonomane opptekne av at politikarane bør føra ein politikk som opnar for framleis låge renter, og av at banksystemet kjem i gang igjen. Vidare vart det understreka at eventuelle finanspolitiske tiltak bør vera mellombels, slik at dei kan reverserast når konjunkturane snur.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive