Eduroam - sorglaus surfing på bortebane
Tidene med ørkeslaus vandring rundt på framande campus på jakt etter passord og nett-tilgang er over. Iallfall om institusjonen du vitjar er med i eduroam.
02.02.2009 - Hallvard Lyssand
Eduroam (Education Roaming) er ei internasjonal samanslutning av utdanningsinstitusjonar som tilbyr sikker, trådlaus internettilkopling til studentar og tilsette ved høgskular og universitet.
Blant fordelane er at gjester ved eduroam-institusjonar kan kopla seg på nettet til desse institusjonane med sitt eige eduroam brukarnamn og passord.
- Store delar av universitets- og høgskulesektoren i Europa er alt dekka, og i tillegg finst tilbodet i delar av Asia og USA, fortel IT-sjef Thor-Inge Næsset. NHH vart tilknytta eduroam i fjor haust.
Dei som ønskjer tilgang til eduroam må konfigurera datamaskina si. IT-avdelinga har laga rettleiarar for konfigurering i ulike operativsystem.
Med korrekt konfigurering koplar PC-en seg automatisk til eduroam når ein er i eit område med dekning. Brukaren vert godkjent via sertifikatet til heimeinstitusjonen.
Det siste steget er sjølve pålogginga.
- Pålogginga skil seg litt frå den dei fleste er vande med. Nye brukarar kan finna naudsynt informasjon om dette i konfigurerings-rettleiaren, opplyser Næsset.
Les meir om eduroam i Noreg her og internasjonalt her.
|