Disputas: Fiskeriøkonomi

Nils-Arne Ekerhovd

Nils-Arne Ekerhovd disputerer ved NHH fredag 16.januar med avhandlingen "Essays on the Economics of Shared Fishery Resources". In english

13.01.2009 - Hallvard Lyssand


Nasjonal råderett over fiskeressursar i dei økonomiske sonene kan sjåast på som ein måte å løyse problemet med fritt fiske innanfor sonene, men ikkje i internasjonale farvatn. Tradisjonelt har alle rett til å utnytte ressursane der. Desse rettane er no under press, jfr. FN-avtala om fiske på det opne hav. Dette er fortsatt i ei juridisk gråsone.

I internasjonale farvatn, i alle fall til ein viss grad, er fritt fiske fortsatt regelen, heller enn unntaket. Vidare, avtaler mellom land må baserast på frivillig samarbeid, fordi det ikkje finnes mekanismar til å tvinge land til å gå med på noko som ikkje er i deira interesse. Difor handlar dette arbeidet for ein stor del om korleis ein kan løyse problema med fritt fiske gjennom frivillige avtalar.

Spørsmåla som vert analyserte i avhandlinga dekker fleire relevante emne innan den fiskeriøkonomiske litteraturen.

For det første, utnyttinga av internasjonale delte fiskebestandar er analysert under ulike føresetnader om forvaltningsregime, internasjonalt samarbeid, klimatilhøve m.m. I denne delen av handlinga er bioøkonomisk modellering og spelteori viktige reiskap.

For det andre, vert produksjon og kapasitetsutnytting i den norske kolmuleflåten analysert med hjelp av dualitetsteori og økonometriske metodar.

Spennvidda i emner og metodar er kanskje stort, men emna har i alle fall eit felles trekk: forvaltning av delte internasjonale fiskebestandar og verknadane av strategisk åtferd. Målet med avhandlinga har vore å bidra til forståinga av økonomisk forvaltning av delte fiskeressursar.

Ekerhovd har jobba som fiskar frå 1985 til 1995. Han er utdanna ved Norges Fiskerihøgskole, og er cand.oecon frå NHH. Ekerhovd har sidan 2007 jobba som forskar ved SNF (Samfunns- og næringslivsforskning).

Ekerhovd held ei prøveførelesing med tittelen "Empirical Fisheries Games" i aud. Karl Borch fredag 16. januar frå 10:15 til 11:00.

Disputasen finn stad på same dato og i same auditorium frå 12:15.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive